JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«På vaklande føter»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3257
20230331
3257
20230331

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Russland

24. mars skriv Halvor Tjønn at Russland er «eit land på vaklande føter», og i redaktøren sluttar leiarartikkelen med desse setningane: «Militær opprusting dominerer no europeisk politikk. Slagordet «Rust ned!» har mista all kraft i lang tid framover.»

Og kven er fienden? Det er «det vaklande Russland»! Kvar har det vorte av logikken?

Putin er ein brutal diktator som gjer krigsbrotsverk. Han har øydelagt forholdet til ukrainarane for all framtid. I utgangspunktet ville halvdelen av dei høyra til Russland. Andre halvdelen ville ha ein ukrainsk nasjonalstat. Det er gamal nasjonalisme i Ukraina. Dei helsa tyskarane velkomne i 1941, men snudde fordi dei som slavisk folk vart brutalt behandla.

I 2014 skreiv Henry Kissinger i Washington Post at «Ukraina må være en bro mellom øst og vest». Og han tilrådde «finlandisering» i tilhøvet til Russland, som han meinte hadde legitime tryggingskrav. Dei fleste medlemene av Nato var òg imot medlemskap for Ukraina. Men dei ny-konservative, som fekk makta i USA, pressa igjennom lovnad om dét.

Og etter statskuppet i 2014 innførde den ukrainske regjeringa ein svært russiskfiendsleg politikk. Dette provoserte òg Putin og fekk han til å gjera kjempetabben sin. Russland var ikkje militært sterkt nok for «spesialoperasjonen» hans.

Moderne krig set store krav til kapasitet for våpenproduksjon, til dømes av missilar. Her er Russland fullstendig underlegent. Kan landet då, med ein svak økonomi, føra ein ekspansjonspolitikk som jamvel omfattar Sverige?

Putin-biograf Philip Short, fødd i 1945, kallar Putin «den pragmatiske tsar», og han seier at for Putin er Ukraina «spesiell» – «hører hjemme i den russiske verden». Og Short er «overbevist om at Russland etter Ukraina ikke går inn i de baltiske statene eller Polen». «Krigen er Putins krig mot USA», seier han.

Og frå både amerikansk og ukrainsk hald er det sagt at krigen er ein «stedfortrederkrig».

Hovudaktøren i det som skjer i verda i dag, er USA, som kjempar for sitt verdshegemoni – medan Russland kjempar for framleis å vera ei stormakt. Russarane har ei sterk sjølvkjensle knytt til sigeren i andre verdskrigen, og dei kjenner seg audmykte og krenkte av den vestlege politikken.

Etter andre verdskrigen var det USAs mål å knekkja kommunismen, og i 1991 nådde ein målet: Sovjetunionen braut saman. Men den amerikanske «hjelpa» for å «omdanna» Russland førde til dårlege levekår for folket. Dette endra Putin og bygde opp att eit Russland som amerikanarane no seier dei vil gjera «varig svekket».

Putin må hindrast i å erobra Ukraina, men ei fredsslutning krev kompromiss. Atommakta Russland kan tola å tapa.

Eg har funne forklåring til spørsmålet eg stiller i innleiinga, hjå to filosofar: Hovudideen til den tyske filosofen Carl Schmidt (1888–1985) er at «ein felles fiende skaper fellesskap». Og Friedrich Nietzsche seier at «galskap hos enkeltpersoner er noe ganske uvanlig. I grupper, partier, nasjoner og epoker derimot, er det regelen.» Då spør eg: Kva vil historikarane i framtida skriva om det verda opplever no?

Fødd i 1928 har eg opplevd tida frå krigsåra, og til slutt vil eg stilla Halvor Tjønn eit spørsmål: Var erobring av Vest-Europa Stalins politiske mål etter sigeren over Nazi-Tyskland?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Beatrice Salvioni blir samanlikna med forfattar som Elena Ferrante og Natalia Ginzburg.

Foto: Vittoria Bernini

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Jentene gjer opprør

Beatrice Salvioni skildrar hardt pressa ungjenter i Førkrigs-Italia i romanen Den fordømte jenta.

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis