JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Sveriges ja til Nato

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1856
20230324
1856
20230324

Den svenske Riksdagen røysta onsdag denne veka ja til svensk medlemskap i Nato. 239 representantar røysta for. Berre 37 representantar, frå Venstrepartiet og Miljøpartiet, røysta mot. 43 representantar var ikkje til stades.

Tyrkia og Ungarn held rett nok fram med uansvarleg trenering og har enno ikkje godkjent at Sverige kan verta medlem. Men i praksis er det berre eit spørsmål om tid før godkjenninga kjem. Alt anna vil vera øydeleggjande for Nato og tilhøvet til dei to landa.

Kven ville under statsminister Palmes glanstid på 70-talet trudd at Sverige skulle verta eit Nato-land? Landet som gjorde nøytralitetspolitikk til eit varemerke for utanrikspolitikken? Men i praksis var nøytralitetspolitikken særs utvatna. Sverige har heile tida på ulikt vis vore knytt til Nato og Vestens tryggingspolitikk.

Sovjetunionen og seinare Russland har neppe sett på Sverige som eit alliansefritt land. Kvifor skulle dei det? Lista over svenske samarbeid med Nato er lang. Alt på 1950-talet hadde Sverige etterretningsamarbeid med Nato.

Det siste tiåret har Sverige langt på veg vore medlem. Dei har tillate at Nato-styrkar kan opphalda seg på svensk jord. Og gjennom særskilde avtalar har Sverige, saman med land som Finland, Georgia og Ukraina, vorte «partnarar» for å utvikla og utdjupa samarbeidet med Nato i tilfelle krigssituasjonar.

Likevel er avrøystinga i Riksdagen eit vedtak for historiebøkene. No vil artikkel 5 gjelda for Sverige òg: Eit åtak på Sverige er eit åtak på alle Nato-land.

Vedtaket var nærast uunngåeleg etter at Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina. Russarane forsvarer åtaket med at Nato har kome for nær. Med Sverige og Finland som medlemsland kjem Nato endå nærare.

Militær opprusting dominerer no europeisk politikk. Slagordet «Rust ned!» har mista all kraft i lang tid framover.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis