Historie

Ørnen blant dei humanistiske faga

Statuen av Olav den heilage på Stiklestad.
Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid 19. september drøftar professor Svein Ivar Angell verdien av nasjonaljubileet 2030, og han stiller fleire relevante spørsmål i den samanhengen, blant anna at ein lyt drøfta verdien av dei to store jubilea frå 2005 og 2014. 

Ja, det er på tide å setja ein fot i bakken og sjå nærare på desse jubileumsfenomena – frå ulike faghistoriske ståstader.

Eg meiner det er særleg viktig fordi vi i dag kan dokumentera at norske topppolitikarar (to statsministrar) har «desinformert» det norske folket om at Noreg vart født på Stiklestad i 1030 – mens året snarare er cirka 872 (jamfør kronikken min i Dag og Tid 12. september).

Men kor var og er historikarane for å korrigera openberre feilsteg på høgste hald i Noreg? 

Nei, det blir lett tyst, og politikarutsegnene kan bli brukte til å innbilla folk at dei formidlar kjensgjerningar på vegner av faghistorikarane – sjølv «gravejournalistane» forsvinn i tynn luft.

Eg meiner det er viktig at faghistorikarar straks er på pletten med korrektiv – og gjerne at politikarane beklagar sine feil i sanntid og ikkje etter 50 eller 100 år. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement