Kronikk
Verdien av nasjonaljubileet 2030
Den 29. juli 2030 vil det vera 1000 år sidan Olav Haraldsson – etter myten – fall i slaget på Stiklestad.
Statuen av Olav den heilage på Stiklestad.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Regjeringa tok i 2021 initiativ til ei storstila feiring av jubileet. Feiringa er allereie godt i gang.
I Dag og Tid 12. september spør Torgrim Titlestad om ikkje slaget i Hafrsfjord i 872 er eit like viktig merkeår i norsk historie og fortener like stor merksemd.
Kanskje bør ein heller spørja om kva som er rammene for storstila nasjonale jubileumsfeiringar i ein epoke der vi ser dramatiske endringar i måten historie vert teken i bruk på.
I grunnlagsdokumentet for det som vert kalla Nasjonaljubileet 2030, heiter det at jubileet byggjer på ei forståing av 1030 som eit år som symbolsk «vever sammen ulike historier om Norges tilblivelse som både strekker seg lenger bakover og helt frem til vår egen tid». Jubileet er eit unikt høve til å retta søkjelys på det «som utgjør historien om hvordan Norge har blitt skapt».
Verdiar er i seg sjølv definert som eitt av verdigrunnlaga for jubileet, i tillegg til fellesskap, identitet, arv og fornying.
Ein fot i bakken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.