Kronikk

Slaget i Hafrsfjords betyding i norsk historie

Ein regjeringskomité utan støtte frå faghistorisk miljø kan ikkje endre det som fagfolk har kome fram til gjennom generasjonar med forsking og diskusjon.

Fritz Røeds monument over slaget ved Hafrsfjord, «Sverd i fjell».
Publisert

Årets Norske historiedagar i Trondheim denne helga står i lys av Nasjonaljubileet i 2030 og vektlegg i kunngjeringa si berre fire ålmenne merkeår i noregssoga: Slaget på Stiklestad i 1030, reformasjonen i 1537, grunnlovsgjevinga i 1814 og andre verdskrigen i 1940–45.

Det skulle stått fem ålmenne merkeår, men arrangørane har av ein uforståeleg grunn utelukka årstalet 872, merkestonga for at Noreg vart samla til eitt rike ved slaget i Hafrsfjord. For underskrivne er dette særs klanderverdig.

Vi nordmenn har eit periodemessig utgangspunkt for vår nasjons fødsel, sjølv om vi ikkje kjenner det eksakte årstalet. Perioden er siste halvdelen av 800-talet. Korleis kan vi slik seie at Noregs opphavspunkt er faktisk? Svaret ligg ganske enkelt i eit skaldekvad frå nettopp denne tida, og vi kjenner namnet på skalden. Han heitte Tjodolv, og han var hirdskald hos kong Harald Hårfagre.

På grunn av ei særeiga diktform og særeigne metaforar var kvadet eigna til å halde seg i minst 300 år. Det fekk sin plass i sagalitteraturen rundt 1200-talet. Studerer vi diktet, merkar vi at det handlar om eit stort sjøslag i Hafrsfjord i Rogaland. Sigraren heitte Harald og var nordmannakongen. Han vart den første einekongen i Noreg.

Men vi har ikkje berre denne eine samtidskjelda om Noreg frå slaget i Hafrsfjord, vi har òg ei anna samtidig nedskriven skriftleg kjelde frå kong Alfreds hoff i England, Ottars forteljing frå Hålogaland, nedteikna ein gong mellom 870 og 899. Her blir det tala om Nordmannaland, nordmenn – i motsetnad til danar og svear. Desse to uavhengige samtidskjeldene fortel oss at nasjonen Noreg var i ferd med å bli ein realitet etter 850 e.Kr.

Noregs fødselsattest

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement