Ernæring

Om prosessering, frykt og forklaringar

Publisert Sist oppdatert

I ein kommentar til innlegget mitt om chicken nuggets åtvarar Runar Døving mot det han kallar «det ultraprosesserte forfall». Eg deler uroa for moraliserande forteljingar og teknologifrykt. Men eg trur vi snakkar litt forbi kvarandre.

Mitt poeng var ikkje at prosessert mat i seg sjølv er farleg, eller at verda var betre før. Det var heller ikkje eit forsøk på å forklare fedmeutviklinga med éi årsak. Poenget var enklare – og meir empirisk: at maten vi et, har endra form, struktur og bruksmåte, og at desse endringane fell saman i tid med store helseendringar.

Chicken-nuggeten er ikkje eit symbol på forfall, men på transformasjon. Enkle råvarer blir gjennom teknologiske prosessar gjorde til noko anna: lettare å ete raskt, lettare å ete mykje av, og mindre knytte til måltid og kontekst. Dette er ikkje ein moralsk dom, men ei beskriving.

Eg er samd i at omgrepet ultraprosessertofte blir brukt upresist og normativt. Men det betyr ikkje at prosessering er irrelevant. Spørsmålet er ikkje om mat er prosessert eller ikkje – det har han alltid vore – men kva slags prosessering som endrar samspelet mellom kropp, appetitt og kvardag.

Å peike på slike strukturelle endringar er ikkje det same som å overdrive farar. Det er å erkjenne kompleksitet. Ernæringspolitikken har historisk hatt lett for å fokusere på næringsstoff og prosenttal og vanskelegare for å fange kvalitative skifte i mat og etemønster.

Dersom vi reduserer denne diskusjonen til eit spørsmål om frykt versus fornuft, mistar vi det viktigaste. Det interessante ligg ikkje i å moralisere over maten, men i å forstå korleis små teknologiske endringar over tid kan få store biologiske og sosiale konsekvensar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement