Miljø
Eit nytt politisk klima
Når klimapolitikk og naturvern kolliderer, må noko gje etter.
2022: Lars Haltbrekken som SV-politikar ved ei markering av eittårsdagen for dommen om vindkraftutbygginga på Fosen.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Det ligg eit dilemma og dirrar under mange politiske stridsspørsmål for tida: Kva er viktigast – å verne den naturen vi har att, eller å bremse den globale oppvarminga? Om dei menneskedrivne klimaendringane er ein stor fare, bør vi ikkje da ofre ein del natur for å få meir fornybar energi? Korleis skal vi vekte naturtapet frå kraftutbygging opp mot skadeverknadene av styrtregn og havstiging i framtida?
Slike spørsmål er ein del av striden om elektrifiseringa av gassanlegget til Equinor på Melkøya i Finnmark. Om anlegget får straum frå land, kan ein kutte 850.000 tonn med CO2-utslepp frå gasskraftverket på øya. Men det krev omtrent 3,6 terawattimar med straum. Det inneber vindkraftutbygging og nye kraftliner i Finnmark, med konsekvensar for natur og reindrift. I oktober fremma Raudt eit forslag om å nekte Equinor krafta som er lova til Melkøya, men det fall i Stortinget 5. februar etter at SV snudde.
Vi skal ikkje gå inn i reknestykka om klimaeffekten av landstraum til Melkøya her. Men saka er eitt av mange døme på at klimapolitikk og naturomsyn kan kollidere.
Tvilaren
Dag O. Hessen kjenner sjølv på dette dilemmaet. Han er professor i biologi ved Universitetet i Oslo, eit ivrig friluftsmenneske, og har skrive bøker både om trusselen frå klimaendringane og om naturtap.
– Eg meiner dette er eitt av dei heilt store dilemmaa i vår tid. Det er all grunn til å heie på det grøne skiftet, samtidig er eg oppteken av å verne naturen, seier Hessen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.