JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Om liberale og autoritære tradisjonar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3268
20240531
3268
20240531

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

USA

Kvifor røyster så mange amerikanarar på Donald Trump? Eg freista for nokre veker sidan (Dag og Tid 22. mars) å gje eit svar som ikkje berre gjentar populære forklaringar – som at amerikanske veljarar er kunnskapslause og lettlurte, eller at mellomkrigstidas Tyskland gjev eit utgangspunkt for forståing.

Eg finn eit svar i USAs eiga historie: Trump vinn røyster fordi han representerer ein autoritær understraum i amerikansk politikk.

Øivind Østberg likar ikkje dette svaret. Han synest forklaringa er woke og pill roten (Dag og Tid 24. mai). Han vil gjerne ha nokre konkrete døme.

La meg fyrst repetera at USA har ein liberal tradisjon som stør seg på tre ideal: At alle menneske er fødde like, at dei har umisselege rettar (til liv, fridom og eigedom), og at statens oppgåve er å verne om desse rettane. Desse ideala er formulerte i den amerikanske sjølvstendeerklæringa frå 1776. Då var det amerikanske samfunnet prega av ulikskap.

Men USA har òg ein illiberal eller autoritær tradisjon. Den stør seg på gamal praksis og gjer motstand når dei liberale ideala vart utvida ved lov til å omfatte nye grupper, slik at praksis endrar seg. Eit døme er motstanden mot den rørsla som på 1800-talet arbeidde for å gje menneskeverd og rettar til slavar. Den fekk motstand i USAs sørstatar, der ei slik utviding ville gjere slutt på ein praksis med slaveri.

Motstanden blei etter kvart så stor at slavestatane trekte seg ut av USA i 1861 og skipa sin eigen konføderasjon. President Lincoln kjempa for å behalde unionen, og resultatet vart ein forferdeleg, fire år lang borgarkrig (1861–1865).

Eit anna døme gjeld motstanden mot Franklin D. Roosevelt på 1930-talet. Då den økonomiske krisa vaska over USA, auka FDR statens ansvar for å gje fleire amerikanarar sosial tryggleik. Denne politikken møtte motstand frå næringslivskrinsar som skipa ein opposisjon. Dei fekk med seg både misnøgde demokratar og evangeliske kyrkjer og gav i 1937 ut eit «konservativt manifest» som stempla FDR sine tiltak som sosialisme og eit trugsmål mot retten til fridom.

Dette dømet viser ikkje berre ein illiberal reaksjon på FDR si utviding av dei liberale ideala og av statens oppgåver, men òg republikanaranes særeigne oppfatning av omgrepet «konservativ»: Det vart knytt opp mot førestillinga om ein fri og sjølvregulerande marknadsøkonomi.

I USAs politiske historie har liberale ideal og illiberale praksisar stått i eit slags dialektisk forhold til kvarandre. Donald Trump er ein økonomisk liberalist som kan plasserast på den illiberale sida i politikken. Han motset seg utvidingar av rettsomgrepet og hevdar at staten har vakse seg så stor at han trugar amerikanaranes fridom. Han vil skru tida attende til eit USA som fanst før LGBT og borgarrettsrørsla. Og han har ei innbiten MAGA-rørsle med seg.

Østberg skriv at Trump forsvarer grunnlova. Det kan hende. Men kven gjer ikkje det? Det er forresten ikkje grunnlova (av 17. september 1787) amerikanarane feirar på nasjonaldagen sin, men sjølvstendeerklæringa frå 4. juli 1776 og dei tre liberale ideala som er framsette der.

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

Helene Uri har doktorgrad i språkvitskap og arbeidde i tolv år ved Universitetet i Oslo før ho sa opp for å skrive på heiltid.

Foto: Julie Pike / Gyldendal

LitteraturKultur

Djupdykk i den digitaliserte litteraturen

Er det rett at kvinnelege forfattarar nyttar fleire adjektiv enn mannlege kollegaer? Eller superlativ? Kva med bannord? Kven er «Den norske Hemingway»?

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis