Barnelova og menneskerettane: «Det er inga forsking som kan dokumentere kva som vil passe for alle barn.»
Vi skal ta familievald og omsorgssvikt på alvor.
Foto: NTB
Christiane Jordheim Larsen skriv ein interessant artikkel om regjeringa sitt høyringsnotat om ny barnelov (Dag og Tid 13. september). Ho fortener heider ikkje minst fordi ho siterer Camilla Pettersens bok Samværssabotasje. Dei som ikkje er kjende med kva som står på spel i dette saksfeltet, bør lese boka. Boka gir eit sterkt bilete av kor makteslause myndigheits- og rettsorgan står i møte med sjølvtekt, falske klagar og lovbrot.
Dag og Tid-artikkelen er interessant også fordi han framstiller regjeringa sine forslag sakleg og siterer nokre høyringssvar som regjeringa har motteke. Eg vil peike på nokre manglar ved artikkelen:
Bakgrunnen for arbeidet med denne lovreforma var at regjeringa Solberg innsåg at norsk myndigheits- og rettsutøving var i konflikt med europeisk menneskerettsforståing. Dei bad Barnelovutvalet om å gje forslag til ei ny lov som kunne bringe Noreg i takt med menneskerettane slik dei vart forstått av menneskerettsdomstolen i Strasbourg. I konvensjonen og i fleire domfellingar vert det slått fast at barn har rett til omsorg frå begge foreldra såframt dei ikkje utset barna for alvorleg fare.
Dette perspektivet er kome i bakgrunnen og er etter kvart forsvunne i saksførebuingane til lovreforma. Bufdir har nekta innsyn i tildelingsdokumentet som dei fekk frå Barne- og familiedepartementet (brev 24. januar 2023).
Kunnskapsoppsummeringa frå FHI vart utarbeidd i nært samarbeid med aktørar i Bufdir og Bufetat. FHI tek ikkje med menneskerettsperspektivet i rapporten. Forfattarane formidla forskinga si i ein kronikk i Aftenposten (22. november 2022) der dei konstruerte ein motsetnad mellom avtalefridom og ei norm om å vurdere delt bustad som utgangspunkt i lova. Dei siterer eiga forsking med at den viser at «vi (kan) derfor ikke konkludere med at det finnes én bostedsordning som vil passe alle barn». I regjeringa sitt høyringsnotat er desse formuleringane siterte og vert brukte som argument mot å legge føringar for butid.
Det er inga forsking som kan dokumentere kva som vil passe for alle barn. Ei føring i lova om å legge til rette for mest mogleg gjensidig butid med begge foreldre står ikkje i motstrid til avtalefridomen. FHI har gjort seg til aktør med politisk retorikk som er meiningslaus. Den forskinga FHI siterer, viser at delt foreldremyndigheit og butid er gunstig for barn sjølv om ein kontrollerer for mange andre faktorar. Inga forsking, heller ikkje den som FHI siterer, kan dokumentere at eit lovverk som bygger på vår felles menneskerettsforståing, er skadeleg for barn eller foreldre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.