Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Konsert
Bob Dylan:
Rough and Rowdy Ways 2021–2024
Berlin 10. og 11. oktober 2024
Ei konsertoppleving er prega av kvar i salen ein sit. Ein gong høyrde eg Leonard Cohen frå eit sete midt på fyrste rad. I Berlin førre fredag var turen komen til Bob Dylan, etter førti år, stundom langt bak i store salar.
Foto- og blikkmotviljuge Dylan spelar i sterkt motljos, så skilnaden er ikkje synet, men ljoden. Kvelden før, på galleriet, forsvann røysta hans i opningssongen. Av di han kviskra, fann eg ut fredag, då eg høyrde kvart ord: «’There must be some way out of here,’ said the joker to the thief.»
Kviskringa bidreg til ein dynamikk vokalen elles har mista, men krev god ljod. Det har ein på fyrste rad. Der er me stille og asosiale. Ein teier før Shakespeare kjem på. I skjortelomma har sidemannen ein liten lapp med spelelista frå i går. Det har eg òg.
Etter albumet Rough and Rowdy Ways (2020) la Dylan ut på «World Wide Tour 2021–2024». Tre års verdsturné tek slutt på topp. Dylan vert eldre, men han syng og skriv betre – logisk nok. Det førre fleirårige prosjektet hans, Frank Sinatra-albuma og -konsertane (2015–2017), skjerpa framføringa hans. Nobelprisen i litteratur (2016) skjerpa skrivinga.
Det han spelar no, er dimed av det beste han har skapt. Skal ein døma etter songane han vel å spela, veit han det sjølv. I Berlin er drygt helvta av dei frå Rough and Rowdy Ways. Det kjennest rett. Få Dylan-album inneheld så mange karrierehøgdepunkt, og dei kjem på rad: «I Contain Multitudes», «Black Rider», «Key West (Philosopher Pirate)», «Mother of Muses». Legg til «Murder Most Foul», som han ikkje spelar live. Eg tenkjer: For eit album. Av hans beste. Mogen og kompleks poesi til melodiar som set seg.
Er det difor resten av songane i Berlin er frå 1960-åra? Av di berre dei kan måla seg med dei frå 2020? Dei unge eg pratar med i Berlin, set dei tidlege songane særs høgt. Frå 60-åra kjem ikkje hittar, men klassikarar: «Desolation Row», «It Aint Me, Babe», «It’s All Over Now, Baby Blue».
Frå dei femti åra mellom, frå 1970 til 2019, tek han med to songar, éin frå 70-åra og éin frå 90-åra, og til slutt sakrale «Every Grain of Sand» (1981), som på verdig vis kan runda av både ein konsert og eit liv.
På to timar seier ingen eit ord, ikkje me framføre scenen, ikkje det samspelte bandet, ikkje Dylan. Diktaren vinkar ikkje til salen. Å vera på Dylan-konsert liknar å lesa ei bok. Som kjent les og skriv ein best åleine. Som han sa i eit intervju i 1965: «Det er einsamt der eg er.» Men di meir reservert han verkar, di mer verkar han til stades, som når han lener seg introvert mot flygelet og utfordrar seg sjølv. Den liksom-innsmigrande fraseringa i 2022 er no meir liksom-likesæl, og like fascinerande. Men kviskringa er ikkje liksom. Heller ikkje dei intense munnspelsoloane som i New York City i 1960-åra eller rockabilly-hamringa på tangentane som i Hibbing i Minnesota i 1950-åra.
«Bob Dylan er av det slaget som syner seg berre kvart tredje eller fjerde hundreår», sa Leonard Cohen. Og om ein skal leggja til eitkvart: Songane på Rough and Rowdy Ways er mellom hans fremste.
Håvard Rem
Håvard Rem er journalist i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.