Historie

Nok ein replikk

Folk samlar seg til arbeidsteneste ved ein skule i Oslo i juni 1940.
Publisert Sist oppdatert

Innlegget frå Ingeborg Solbrekken og Christopher S. Harper i Dag og Tid nr. 24 inneheld såpass mange feil og unøyaktigheiter at eg ser meg nøydd til å svare dei ein gong til.

Å gjenta argument det ikkje er dekning for i kjeldene, gjer dei diverre ikkje meir overtydande. Som vist gir ikkje kjeldene grunnlag for å seie at Nicolai Rygg og Gunnar Jahn «ga (mi utheving) okkupasjonsmakten ubegrensede midler». Tvert imot var dei opptekne av at banken «måtte holde sitt seddelomløp innen bestemte grenser, da en utglidning på dette punkt kunne ha skjebnesvangre følger». 

Å skulde dei for «grovt landssvik», slik Solbrekken og Harper gjer med omsyn til opprettinga av okkupasjonskontoen, er difor ikkje rimeleg.

Det stemmer heller ikkje at eg nyttar advokat Kristen Johanssens utsegn «Krigens lov er at makt er rett» som grunnlag for ei tolking av folkeretten, eller at eg går god for advokatens tolking. Eg nytta sitatet dels fordi det eigentleg er ei god beskriving av framferda til tyskarane – då dei braut folkeretten, og vel dei fleste kjende rettsreglar. At krigstilstanden ikkje legitimerte slik framferd, lyt vere unødvendig å påpeike.

Sitatet er likevel først og fremst eit døme på korleis aktørane tenkte den gongen. At Johanssens fråsegn hadde særs uheldige konsekvensar, er eg sjølvsagt fullt klar over, noko eg indirekte viste til når det gjeld usikkerheita rundt kva rettsreglar som gjaldt. 

Det same var tilfelle med ei tilsvarande fråsegn frå ein advokat i Bergen, som var blant omstenda som fekk den nemnde bergensentreprenøren til å påta seg arbeidet på Bømoen. Vidare var ho blant omstenda som bidrog til at flyplassbygginga på Bømoen våren 1940 ikkje vart vurdert som utilbørleg av retten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement