JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

No gjer Wikipedia det lett for seg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2443
20230519
2443
20230519

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kjeldebruk

Wikipedianaren Trygve W. Nodeland tek i Dag og Tid 12. mai til motmæle mot kritikken min av kjeldebruken i dei to norske versjonane av Wikipedia. Nodeland er advokat i det sivile, men held diverre ikkje orden på faktum i saka.

Han har fått det for seg at dette dreiar seg om kjelda for informasjon om brenninga av éi nynorskordliste. Så feil kan også ein advokat ta. Kritikken min i mars var at Wikipedia ikkje gjorde greie for kven som har grave fram heile historia om norske bokbål mot språk gjennom hundre år i boka Brent ord. Den 15. mai hadde ingen retta dette sjusket.

I Wikipedia står det derimot framleis at det har vore brent bøker mot språk på Skjervøy i Troms. Det har det slett ikkje. Det går klart fram på side 166 i boka mi kva som skjedde på Skjervøy hausten 2005. Sånn går det når ein stoler blindt på ein litt vag avisartikkel i ei såkalla påliteleg kjelde.

Å skrive leksikon er ikkje vitskap, men å vise veg vidare til meir kunnskap, meiner Nodeland. Då må ein jo vise til dei relevante kjeldene der meir er å finne. Det gjer ikkje Wikipedia her. Nodeland avviser jamvel elementære krav til kjeldebruk som sjølv ungdomsskuleelevar lærer i dag. Å skrive vitskapleg handlar då om mykje meir enn å halde orden på kjeldene sine. Ein god leksikonartikkel er fagleg og dermed språkleg presis.

Nodeland opplyser at 35 personar har vore med og skrive den korte artikkelen om bokbål. Det hadde vore nok med éin forfattar som visste kva han eller ho snakka om, forstod kjeldene og brukte dei godt. Evangelium frå dei omtrentlege endar i blindvegar rundt om i kunnskapssamfunnet.

Heilt greitt at folk skriv anonymt i Wikipedia, hevdar Trygve W. Nodeland, for dei skal skrive nøytralt og ikkje uttrykkje eigne vurderingar. Som om det ikkje ligg vurdering i å ta stilling til kva faktum som er relevante i omtalen av eit emne!

Er det noko gode leksikonredaktørar og leksikonforfattarar veit, er det at dei må kunne mykje meir om emnet enn det dei får plass til i den ofte korte artikkelen. Dette var grunnen til at vi som bygde opp Allkunne, nekta artikkelforfattarane våre å bruke andre leksikonartiklar som kjelde. Dei hadde ver så god å setje seg inn i dei viktigaste kjeldeskriftene, så dei kunne samanfatte stoffet i populærvitskapleg, god sakprosa. Denne enkle, retoriske grunntanken er like vesentleg i eit oppslagsverk som i ein rettssal.

Eg trur vi stoppar der, eg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis