Kringkasting

Musikk for dauve øyre

Kulturredaksjonen i NRK vil prioritere Kringkastingsorkestret.
Publisert

Musikksjefen i NRK, Mats Borch Bugge, skriv eit svarinnlegg til kommentaren min om musikkdekninga i NRK frå 19. september. Her skriv han at han har kalla inn musikkorganisasjonar som har protestert mot omleggingane i NRK, til eit dialogmøte. Målet er å klargjere «eventuelle misforståelser» – som om musikkorganisasjonane ikkje skulle ha ei sjølvstendig oppfatning av korleis NRK har utvikla musikktilbodet dei siste åra.

Men denne utviklinga har dei følgt over lang tid. Musikkdekninga i NRK blei klaga inn for Kringkastingsrådet alt i 2021. At musikkavdelinga i statskanalen ikkje har nytta høvet til å oppklare «eventuelle misforståelser» i løpet av dei siste fire åra, vitnar ikkje om at dialog med musikklivet har vore høgt på dagsordenen fram til no.

Tvert imot: Musikklivet har i ei årrekke åtvara mot eit NRK som er stadig mindre lydhøyrt for innspel frå musikkbransjen. No klagar bransjen inn musikkdekninga til Kringkastingsrådet endå ein gong. Alt i 2020 peika musikkritikar Hilde Halvorsrød på at leiinga i NRKs kulturavdeling ikkje svarte substansielt på kritikken frå musikkbransjen. Også den gongen ville dei kutte i tilbodet.

Det er heilt symptomatisk at Bugge lar vere å svare på kjernen i kritikken min: at NRK er blitt kritisert for dårlegare musikkdekning i snart 25 år. Kritikken har ikkje berre kome utanfrå, men òg frå NRKs eigne medarbeidarar.

Musikksjefen gir heller ikkje svar på konkret kor stor plass ikkje-kommersielle sjangrar skal få etter omlegginga. Det er stor skilnad på å gi jazz, klassisk og samtidsmusikk eit eige program og å love at dei skal få plass i eit generisk fellesprogram for all musikk. Kan Bugge love at kvoten for dei såkalla smale sjangrane vil halde seg på same nivået som i dag – eller auke?

Til slutt: Bugge hevdar at NRK må vidareutvikle seg for å møte den digitale tidsalderen. Ingen er usamde i det. Spørsmålet er korleis. Førebels har svaret vore å fase ut redaksjonelle musikkprogram, ofte utan å erstatte dei med sjangerspesifikke podkastar. Når lydspora på NRK Klassisk og NRK Jazz no liknar stadig meir på ei KI-generert Spotify-liste, blir det stadig færre argument att for kvifor ein ikkje berre skal nytte si eiga speleliste i staden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement