Kommentar

NRK sviktar samfunnsoppdraget

NRK skal gi ei brei kulturdekning. No vil ålmennkringkastaren legge om musikkdekninga – og legg ned seks program.

NRK legg om musikkdekninga og vil overføre færre konsertar frå heile landet. I staden vil kulturredaksjonen prioritere Kringkastingsorkestret.
Publisert Sist oppdatert

Rett før stortingsvalet varsla NRK at dei ville legge om musikkdekninga. Seks radioprogram – Spillerom, Jazzklubben, Y2K, Hegstad, Musikkreisen og Klassisk vorspiel – blir lagde ned. Heretter vil NRK sende færre konsertar og heller «synliggjøre og styrke fire av NRKs mest kjente merkenavn for musikk; Kork, MGP, Urørt og NRK P3». Kringkastaren vil heller prioritere digitale produkt snarare enn lineærradio.

Avgjerda var ikkje uventa. Musikkorganisasjonar har åtvara mot denne utviklinga i årevis. Det har vore konflikt om musikktilbodet i NRK heilt sidan Synne Schouen trekte seg som kultursjef i protest mot kutt i 2001. Så mange journalistar ville slutte i NRKs kulturredaksjon i 2015 at leiinga ikkje kunne tilby alle sluttpakke, skreiv Aftenposten i 2015.  Musikkjournalist Halfdan Bleken var blant dei som søkte seg vekk. Han åtvara mot eit «stadig synkende journalistisk ambisjonsnivå».

Utviklinga fekk Norsk komponistforening til å klage inn NRK for Kringkastingsutvalet i 2021. Då var programtilbodet framleis breiare enn no.

Men hos musikksjefen i NRK, Mats Borch Bugge, heiter det i førebiletleg nytale at alt skal bli nytt og betre: «Musikktilbudet vårt skal nå være tydeligere, skarpere og mer tilgjengelig på tvers av NRKs apper», skriv han i pressemeldinga til NRK.

Han kunne i det minste vore ærleg: NRK skal kutte 200 millionar i år og har innført tilsetjingsstopp.

Nisjeprogramma døyr

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement