JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Mislykka «opprydding»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Reinsdyr i Kamøyvær.

Reinsdyr i Kamøyvær.

Foto: Berit Roald / NTB

Reinsdyr i Kamøyvær.

Reinsdyr i Kamøyvær.

Foto: Berit Roald / NTB

5152
20230421
5152
20230421

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Det samiske

I dei siste vekene har eg publisert eit essay i tre delar i Dag og Tid («Om det norske og det samiske»). Essayet er rundt 15.000 ord langt. Under arbeidet har eg mellom anna konsultert historikarar, arkeologar, genetikarar, juristar og politikarar, byråkratar. Eg har pløgd meg gjennom store mengder tekst i form av bøker, artiklar, rapportar og offentlig dokumentasjon frå til dømes Stortinget (mykje er synleg i dei 67 sluttnotane som er publiserte digitalt). Så har eg freista å lage syntesar av all denne informasjonen. Som idéhistorikar, forfattar og journalist har eg heile mitt vaksne liv drive med slikt.

Mikkel Berg-Nordlie og Constance Jessen Holm startar sitt debattinnlegg mot essayet med å «oppfordre redaksjonen til å oppsøke folk med fagutdanning».

Kven tenker Berg-Nordlie på, mon tru? Engasjementet hans er stort, det skal han ha. Det kjem til og med tydelig fram i artiklane han skriv for Store norske leksikon om samisk historie.

Berg-Nordlie og Holm (frå no BNH) hevdar at Sápmi er kolonisert av Noreg, fordi samar levde i alle tre landa då statane blei oppretta. Sápmi utgjer mesteparten av Noreg, og går i mange framstillingar heilt ned til Hedmark. Storparten av dette landområdet var busett av forløparane til den etnisk norske befolkninga lenge før samane kom til dei same områda. Slik eg spurde i essayet: Korleis kan dei som kom først, ha kolonisert dei som kom seinare?

Hadde BNH og andre snakka om det indre av Finnmark, og nokre andre regionar, så kunne eg skjønt det. At samane er ein minoritet som ikkje fekk sin eigen stat – ja, absolutt. Men at Sápmi som heilskap har vore kolonisert? I så fall blir ordet nytta på ein heilt annan måte enn til dømes om koloniseringa av USA, Sør-Amerika, Australia og Afrika. Dit kom kolonistane for 500 eller 200 år sidan, med det formål å stele landet, plyndre naturressursane og utrydde dei innfødde eller bruke dei som slavearbeidskraft. Å påstå at same orda er dekkande for dei to prosessane, er i verste fall å vatne ut omgrepet kolonisering.

Om dette med at statsgrenser skal vere avgjerande: kvifor er då ikkje også kvenane eit urfolk?

BNH spør òg: Trur eg etnistitet er det same som biologisk bakgrunn? Sjølvsagt ikkje. I teksten min står jo det svart på kvitt. Som når eg skriv at det i første tusenåret før tidrekninga for første gong gir meining å snakke om ein norsketnisk og samisk identitet og kulturform.

I same avsnitt skriv BNH at «Samekulturen har ikkje innvandra fra° nokon stad til Sa´pmi, han har oppsta°tt der som resultat av innvandring og pa°verknad fra° mange stader over svært lang tid – eit blandingsprodukt, som alle andre kulturar.» I kva grad dette stemmer, er det ulike oppfatningar om i fagmiljøa (genetikk og arkeologi skil lag). Men let det ligge, for det BNH skriv er jo nesten akkurat det same som eg gjer i mitt essay: «Men alle folkegrupper som har vore i Nord-Noreg har sjølvsagt innvandra dit, og alle har i denne bestemte forståinga ‘kolonisert’ områda [...] alle folk er resultat av møter, av ein lang om omfattande blanding av folk, slik den genetiske forskinga viser.»

BNH skriv at eg har eit merkverdig fokus på rase og blod. Det einaste eg skriv om «rase» i heile essayet er: «Noko slik som ein rein samisk eller norsk rase fins sjølvsagt ikkje.» Og om «blod»: «Så godt som alle med gamle røter i Nord-Noreg har, som dei sa i gamle dagar, samisk ‘blod’ i seg, og det gjeld også min eigen familie.»

Dei neste poenga til BNH har eg òg forklart ganske grundig i essayet. Eg skriv til dømes fleire gonger at om ein kom først, ikkje betyr noko for urfolksdefinisjonen. Kva angår globaliseringa av urfolkstankegangen: Berg-Nordlie gav eit eksempel for ein dryg månad sidan, då han i avisa Nordlys lufta tanken om at samar bør ha permanent nærvær på Stortinget, etter urfolksmodell frå New Zealand.

Når det gjeld midlar øyremerkte til samar. Om ein kulturarrangør i Nord-Noreg kan knyte arrangementa sine til det samiske, kan dei nesten rekne med større budsjett, fordi det er mykje lettare å få støtte frå fylkeskommunen eller andre. Og desse pengane kjem ofte med ein gong.

Sametinget har eit budsjett på nesten 600 millionar, og ein stor del av dette går jo til å støtte ulike «samiske» aktivitetar. Alt frå stipend til studentar med samisk i vidaregåande skule, eller til samisk reiseliv, om ein blar litt i budsjettet. Ikkje misforstå. Eg kritiserer absolutt ikkje at det finst slike ordningar. Men det blir meiningslaust å late som om denne støtta ikkje finst?

Så til om 40 prosent av Noreg er reinbeiteareal eller ikkje. BNH meiner ikkje det, fordi det er byar og annan infrastruktur innan dette området (og innsjøar!). Veit ikkje BNH at det er mykje rein også i byane i Nord-Noreg om sommaren? Rett nok kjem dei sjeldan inn i husa til folk, så litt kan ein jo trekkje frå dei 40 prosentane av Noregs areal.

BNH skulle komme med ei «opprydding», men rotar det godt til. Eg er ikkje i tvil om at det kjem fleire debattinnlegg frå BNH. Men eg håpar dei kan dra opp sokkane, og frå no av halde seg til det eg faktisk har skrive.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis