Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen

Putin – verkeleg og virtuell

Presidenten er alltid deltakande, sjølv når han ikkje eigentleg er der.

Publisert Sist oppdatert

Her ein dag kom eg over ein video i eit sosialt medium der vi fekk sjå Vladimir Putin sitte på ein krakk på kjøkkenet i eit heilt vanleg russisk husvære – fordi ein bloggar har spelt mor si eit puss.

Ved hjelp av kunstig intelligens plasserte ho Putin på kjøkkenet sitt, og så sende ho bildet til mor si og skreiv: «Vladimir Vladimirovitsj er her. Han vil gi oss eit diplom.» Mora ikkje berre trudde på det ­– ho bad om å få gå heim frå jobb. Ho kjøpte ei ferdigsuppe på vegen og inviterte nokre venninner for å imponere dei.

Det kan godt hende videoen er fabrikkert. Ikkje berre er Putin falsk. Reaksjonen til mora er falsk. Uansett blei det til at eg reflekterte over synet russarane har på Putin. Reaksjonen til mora kunne vore ekte, for bildet av Putin som ein mann av folket er rådande, sjølv om det for lengst har blitt røyndomsfjernt. Etter invasjonen av Ukraina har Putin blitt ein av dei mest skjerma, utilgjengelege personane på kloden. Likevel trur mange at det går an å treffe han, og at han personleg styrer alt som skjer i landet.

På eit sosialt medium er det ei side som heiter «Putin ringer». Ho er interessant fordi dei som står bak sida, ringer tilfeldige personar og lurer dei ved å bruke stemma til presidenten, samtidig som dei tar opp samfunnsproblem og gir seg ut for å vilje rette opp urett.

Til dømes ringde dei ein statleg tilsett som lét innbyggarane i eit stort område vere utan varmt vatn, ein korrupt direktør som ikkje gav dei tilsette lønn, og så vidare.

På «Putin ringer»-sida ligg det mange slike videoar. og i alle samtalane er det som om stemma til Putin er ein trylleformel: Folk får hakeslepp og går i gang med å forsvare og forklare seg. Om dei så er skeptiske i starten, kjem det ein samtale ut av det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement