Kommentar

Guds straff over homofile

I talen på London Pub synte biskop Olav Fykse Tveit til fleire konkrete døme på korleis kyrkja har diskriminert homofile. Eitt av punkta handla om aids.

Det var sokneprest Bjørn Bue som kom med utsegnene som preses Olav Fykse Tveit orsaka førre veke. Bjørn Bue vart seinare biskop. Her er han på Moster saman med dronning Sonja då kyrkja feira 1000 år.
Publisert Sist oppdatert

– Hiv og aids vart kalla Guds straff over homofile. Det legitimerte stigmatisering og fordømming av hivpositive. Deira pårørande har framleis sår etter dette, sa Olav Fykse Tveit i talen sin førre torsdag. 

Bakgrunnen var ei radiopreike i NRK på ettersommaren i 1985.

Dagbladet frå 12. august 1985

«Aids er Guds straff!» skreiv Dagbladet på fyrstesida måndag 12. august 1985 og over to sider inne i avisa: «Det homofile Norge raser mot høymessen i Stavanger.» 

Den liberale avisa har alltid vore kritisk til kyrkje og autoritetar, og etter sokneprest Bjørn Bue si radioverførte preike frå Gand kyrkje denne sundagen fekk dei vatn på mølla.

– Synda straffar seg

Så kva hadde soknepresten i Sandnes sagt? Vi går inn like før det omstridde avsnittet:

«Det er ikkje vår sak å forkynna dom og atomkrigens redsle over dei folk som vender seg frå Gud. Det er Guds sak om han vil la oss spora handgripelege fylgjer av fråfallet. 

Men mest blir me straffa med våre eigne synder. Med det me lagar til for oss sjølve. Det er ikkje vanskeleg å spore syndens fylgjer i vår verden. Men me skal vakte oss for å kalle dette for Guds dom. 

Som om Gud skulle vere på jakt etter oss med straffedom. For synda sine fylgjer har mennesket sjølv ansvaret, ikkje Gud.»

Her nytta han eit snedig retorisk og teologisk grep, for det var ikkje Gud som straffa, men synda i seg sjølv. Han fortsette med roleg røyst:

«I ein generasjon no har det blitt forkynt at seksualliv som er mot naturen, skal vere naturleg. Og i dag skjelv verda for aids. Lækjarforskinga har enno ikkje funne boteråd for ein sjukdom som er eit resultat av at mennesket lever i utakt med Guds lov. 

Me har gjort det til rett i vårt folk å ta det mest forsvarslause liv – barnet i mors liv har mist sin rettstryggleik. Og me er i ferd med å bli ein nasjon som etter kvart har bruk for fleire likkister enn barnevogner. 

Når Guds lov, som er livets lov, blir trødd under fot, då uteblir ikkje fylgjene. Legg ikkje skulda på Gud. Det er ikkje til oss å tala om Guds dom. Me har inga innsikt i Guds vilje med eit folks historie. Men eitt kan me slå fast. Synda straffar seg.»

Same poeng ein gong til. I bråket som følgde, streka han under dette argumentet. Han meinte seg feiltolka. Menneske som valde å synde, straffa seg sjølve.

– Meiner ikkje noko om aids

Biskop Andreas Aarflot meinte at kyrkja ikke hadde noko offisielt syn på aids.

Korleis stilte kyrkja seg til utsegnene? Bjørn Bue fekk støtte frå Stavanger-biskopen Sigurd Lunde:

«Bue snakker om samfunnet og ikke individer. Jeg er helt enig i at hvis vi bryter livslovene, må vi ta følgene av det», sa han til Stavanger Aftenblad.

Åpen kirkegruppe for homofile bad Oslo-biskopen Andreas Aarflot om å ta ansvar. Han var preses, den fremste blant landets biskopar. Dei skreiv: «Så lenge Bues og Lundes uttalelser ikke er blitt imøtegått fra andre kirkelige ledere, må uttalelsene oppfattes som Den norske Kirkes offisielle syn på aids.»

Biskop Andreas Aarflot tvådde hendene sine, han ville absolutt ikkje kommentere saka.

«Dette er noe som har dukket opp i tjenestelig sammenheng i et annet bispedømme. Det er ikke naturlig for meg å gå inn i den konkrete saken», sa biskopen til Dagen. Men streka under at kyrkja «ikke har noe offisielt syn på aids».

Kim Friele i Forbundet av 1948 melde sokneprest Bjørn Bue og biskop Sigurd Lunde til politiet, men saka vart lagd bort. Dei hadde ikkje gjort seg skuldige i straffbare handlingar etter lova om ytringsfridom.

I november 1985 vart Bjørn Bue utnemnd til biskop i Stavanger bispedømme.

Høyr heile preika her. Dei omstridde utsegnene byrjar etter 33 minutt.