Kommentar
Soneforsvar
I Debatten på NRK denne veka snakka dei om sentralitetssoner. Kva i all verda er det?
Det var Tuva Moflag som måtte svare på vegner av Arbeidarpartiet i spørsmålet om brutte lovnader. Det var taktisk lurt. På kort sikt.
Skjermbilete frå NRK
Det har storma rundt Arbeidarpartiet denne veka, og nok ein gong vart oppvasken teken i Debatten på NRK. Fredrik Solvang og redaksjonen hadde budd seg godt, og
køyrde ein informativ og – for Arbeidarpartiet – drepande gjennomgang av hendingane frå dei siste vekene. Dessverre openberra ingen frå leiinga seg i
studio. Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Jens Stoltenberg og helse-
og omsorgsminister og nestleiar Jan Christian Vestre var alle opptekne på
anna hald, og inn til inkvisisjonen sende dei i staden Tuva Moflag frå Ski,
leiar av Stortingets finanskomité.
Det var ikkje spesielt riddarleg gjort av partileiinga, men taktisk
lurt. Iallfall på kort sikt. Ho visste akkurat nok om det finanspolitiske, og
akkurat for lite om bakgrunnen, kaoset og samtalene som hadde vore mellom dei
tre hovudpersonane.
«Korleis kunne dette skje, eigentleg?» spurde debattleiaren Fredrik
Solvang. I atten minutt hadde då Tuva Moflag måtta lide seg gjennom sitat, videoklipp,
spydige kommentarar og generell latterleggjering av eige parti.
«Det er vanskeleg for meg å seie nøyaktig korleis dette kunne skje. Eh... Den viktigaste erkjenninga vi har kome med i dag, er at dette ikkje skulle ha
skjedd», svara ho, og så kom det:
«Vi har sagt til veljarane at dei skulle få gjeldssletteordning i både
sentralitetssone fem og seks...»
Stopp! Dette med sentralitetssoner hadde gått meg hus forbi, og eg strekte
meg straks etter telefonen i sofaen og sette meg til å google. Første treff
var Statistisk sentralbyrå og sida Standard for sentralitet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.