Sør-Amerika

No satsar Bolivia på «kapitalisme for alle»

Etter 20 år med sosialisme blir ein moderat politikar frå høgresida president i Bolivia. No står Rodrigo Paz overfor ei svært vanskeleg oppgåve.

  

Centrist senator and presidential candidate Rodrigo Paz of the Christian Democratic Party (PDC), speaks onstage during a celebration following preliminary results on the day of the presidential runoff election, in La Paz, Bolivia, October 19, 2025. REUTERS/Claudia Morales
Rodrigo Paz vann presidentvalet i Bolivia, og mykje arbeid ventar. Her feirar han dei førebelse resultata under valdagen.
Publisert Sist oppdatert

Då sigeren var eit faktum, kom Rodrigo Paz ut på scena, slik politikarar bruker å gjere etter eit val. Han takka hjelparane sine, gjentok slagordet frå valkampen og lova landsmennene sine ei betre framtid. Men den nye presidenten i Bolivia verka alvorstyngd då han gjorde dette. Truleg fordi han veit at denne oppgåva blir forbaska vanskeleg.

Den 58 år gamle kristelegdemokraten Rodrigo Paz overraska alle då han vann presidentvalet i det søramerikanske landet med 12 millionar innbyggjarar. I den første valomgangen i august kapra han førsteplassen, sjølv om gallupinstitutta berre hadde spådd tredjeplass. Og i den andre valomgangen sist sundag slo han den høgreliberale Jorge Quiroga, som hadde leia på meiningsmålingane. I november flyttar Paz inn i presidentpalasset i La Paz, noko som markerer eit politisk vendepunkt: Etter to tiår får Bolivia på nytt ein president som ikkje er sosialist.

Ein oppslutnad på berre 3 prosent for partiet til Evo Morales

Sidan 2006 hadde sosialistpartiet Movimiento al Socialismo (MAS) styrt landet i Andesfjella, størstedelen av tida under Evo Morales, ein tidlegare kokabonde og fagforeiningsleiar. Men i den første omgangen av president- og parlamentsvalet i august fall oppslutnaden til MAS dramatisk, heilt ned til berre 3 prosent.

Valsigeren til Morales for to tiår sidan var ein milepåle for bolivianarane, og kan samanliknast med Barack Obamas siger i det amerikanske presidentvalet.

Store delar av det bolivianske folket har urfolksbakgrunn, og for første gong blei ein av deira eigne vald til statsleiar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement