Kommentar

«Vi lever trass alt i ...»

Førre veke sa kyrkja unnskyld til dei skeive. Det var på høg tid. Vi lever trass alt i 2025.

Olav Fykse Tveit, preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja, seier orsak på London Pub.
Publisert Sist oppdatert

– Kjære alle saman. Vi er samla på London Pub ...

Framfor eit raudglinsande teppe på puben i Rosenkrantz gate innleidde biskop Olav Fykse Tveit si historiske orsaking. Sidan landet vart kristna ein gong etter slaget ved Stiklestad i 1030, har kyrkja meint mangt og mykje, dei har gjort rett og urett, og no var tida komen for å lufte ut. I si åtte minutt lange orsaking framfor presse, biskopar og andre frammøtte kraup han til krossen.

– I 2022 erkjende biskopane i Den norske kyrkja at den institusjonen vi leier, har påført skeive smerte og skade. Då er det rett at vi også tek på oss ansvar som kyrkje, og seier unnskyld.

«Å unnskylde det andre har gjort, er en merkelig øvelse, og tjener mest som selvros», skreiv Anne Holt på Facebook.

Slike institusjonelle og rituelle orsakingar finst det mange døme på. Å ta eit oppgjer med fortida er klokt, ja, det er noko vakkert, inkluderande og sivilisert over eit samfunn som kan orsake tidlegare synder. Rett nok er det ofte uforpliktande ord, det er ingen som mistar andlet, status eller kjenner på skam, tvert om: Han som orsakar, får ein ferniss av empati og innsikt. Ja, eigentleg er slike symbolske orsakingar ein vinn-vinn-situasjon. Som forfattaren Anne Holt formulerte det på Facebook:

«Å unnskylde det andre har gjort, er en merkelig øvelse, og tjener mest som selvros. Det ligger noe «se, så snille vi har blitt» i det, og er av bortimot null verdi, slik jeg ser det.» Sokneprest Anne Marie Nystein på Notodden, også ho lesbisk, var av motsett meining.

«Jeg synes det er helt fantastisk at ledelsen i kirken er så tydelige når de nå vil gå ut og si unnskyld», sa ho til NRK.

 

Orsak, orsak, orsak

I 1997 orsaka kong Harald fornorskingspolitikken i opningstalen sin til det tredje Sametinget. Frå talarstolen i Karasjok sa kongen: «Den norske stat er grunnlagt på territoriet til to folk – nordmenn og samer. I dag må vi beklage den urett den norske stat tidligere har påført det samiske folk gjennom en hard fornorskingspolitikk».

I 1998 orsaka kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad handsaminga romanifolket hadde vore utsett for av norske styresmakter, og i 2012 orsaka statsminister Jens Stoltenberg styresmaktene sin medverknad ved arrestasjon og deportasjon av jødar under krigen.

I fjor haust var det Stortinget sin tur, og eit nær samla ting vedtok ei orsaking for fornorskinga av samar, og denne gong vart også kvenerinkludert: «Stortinget vil formidle sin dypeste beklagelse for de overgrep fornorskingspolitikken innebar for samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Med dette ber Stortinget om unnskyldning for tidligere stortings aktive rolle i fornorskingspolitikken, og erkjenner ansvar for denne politikkens konsekvenser for grupper og enkeltindivider.»

Kong Harald og kronprins Haakon ved opninga av Sametinget i Karasjok i år.

Framstegspartiet sine representantar ville ikkje røyste for vedtaket.

«Det er vanskelig for oss i Frp å skulle beklage noe som ble gjort lenge før vi ble etablert», meinte stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt i Frp frå Finnmark.

«Man kan godt si unnskyld, og det var ikke feil av kongen å gjøre det, men det får ikke det samiske språket eller kulturen tilbake», sa Arthur Johan Tørfoss , som var Frps representant i Sametinget.

«Vi må gå videre i denne saken», meinte han. Dei fekk mykje kritikk for det.

Kronosentrisme

Her kolliderer to grunnsyn. Mykje urett har vore gjord gjennom historia, og mykje urett skal verte gjord. Har vi eit kollektivt ansvar for hendingar som har skjedd før oss? Eller kan vi, som Tørfoss sa, gå vidare? Og eitt spørsmål til: Har nokon eigentleg rett til å orsake på vegner av andre? Dei handla ut frå si tid, og i ettertidas klare lys er det lett og sutlaust å kritisere. Då er vi inne på fenomenet presentisme eller kronosentrisme.

Vi har alle tru på at den tida vi sjølve lever i, er den mest opplyste og ein målestokk for verdiar, sanning og normalitet. Setninga «Vi lever trass alt i ...» har vorte nytta sidan den julianske kalenderen vart innført av Julius Cæsar i år 46 før Kristus. I vår tid er det ein klisjé.

«Vi lever tross alt i 1967.»

Slik har det ikkje alltid vore. På Møre ungdomskule vart nokre elevar tekne for røyking utanfor skuleplassen, og vart utviste. Utvisinga skapte debatt i Sunnmøre Arbeideravis: «Det synes litt hardt å gå til utvising av skoleelever på grunn av røyking. Vi lever tross alt i 1948

Ein arbeidskonflikt i Knaben gruver førte til fleire oppslag i avisa Sørlandet. Ein driftsingeniør hadde opptredd arrogant og uvettig overfor fire gruvearbeidarar. Dei fire vart oppsagde, og det rådde «en sterk forbitrelse» blant arbeidarane. Dette måtte gruveleiinga gripe fatt i, meinte avisa: «Vi lever tross alt i 1950

I ein notis skreiv Lofotposten om planane om å flytte kommuneadministrasjonen frå Svolvær til Kabelvåg. Nokon meinte dette ikkje berre var eitt steg tilbake, men to: «Vi lever tross alt i 1963

Kvifor fanst det ikkje Vinmonopol eller restaurantar med skjenkjeløyve i Oslos drabantbyar? Spørsmålet vart stilt i eit lesarinnlegg i Morgenposten. Var dei 30.000 menneska i drabantbyane mindre verde? «Nå er det på tide at Vinmonopolet – tross sine svartebørspriser – også tilgodeser drabantbyens befolkning med opprettelse av en del utsalg», skreiv han, og avslutta: «Vi lever tross alt i 1967

Det finst fleire tusen døme på vi-lever-tross-alt-i-formuleringar, som «i et sivilisert samfunn», «i det tyvende århundre», «i 1960-årene», «i måneferdenes tidsalder», «i en moderne tid», «i 1980-årene», «i jetalderen». Alt i eit brev i 1793 nytta George Washington formuleringa «i vår opplyste tid». Han var ikkje den fyrste, og i alle fall ikkje den siste.

Tidssnobberi

Kronologisk snobberi kalla forfattaren C.S. Lewis tiltrua til vår eiga samtid.

I desse utsegnene er det altså ei tilfredsheit over at vi no endeleg er komne opp på sivilisasjonens høgslette, og at vi herifrå kan skode tilbake og ikkje minst ned på dei som har gått føre oss. Ja, på alle dei som ikkje visste betre. Diktaren T.S. Eliot kalla denne haldninga tidsmessig provinsialisme, mens forfattaren C.S. Lewis, han med Alice i Eventyrland, kalla det kronologisk snobberi:

«Kvar tid har sitt eige utsyn. Ho er særleg god til å sjå visse sanningar og særleg utsett for å gjere visse feil». For sjølv i vår opplyste, men kaotiske samtid finst det blindsoner. Alle tider har det. I 1938 fekk jordmora Sigrid Blomvik frå Ålesund hospitere på ein fødselsklinikk i Berlin, og hamna midt i ein lagnadstime for Tyskland. Skjøna ho kva som var i ferd med å skje? Skjøna tyskarane det? Mange år seinare skreiv ho:

«Vi, som ser fortida fra en informert ettertid, vet hva som skjedde, men for dem – som for oss – som lever midt i ei komplisert samtid, er det umulig å overskue alt som skjer eller ha kunnskap om hva som, i hverdagens strøm av hendelser, vil få varig betydning.»

Tida vil vise

På same vis som vi dømer fortida, skal framtida døme oss. Om hundre år kjem folk til å sjå tilbake, og våre oldeborn kan kome til å seie ting som:

«I 2025 trudde dei at menneskeleg aktivitet ikkje påverka klimaet!»

Eller:

«I 2025 trudde dei at menneskeleg aktivitet påverka klimaet!»

Dei vil kanskje seie:

«I 2025 trudde dei at det berre fanst to kjønn!»

Eller:

«I 2025 trudde dei at det fanst 52 ulike kjønn!»

Og i det Herrens år 2125 vil kan hende eit samla storting, med unntak av Framstegspartiet, vedta følgjande orsaking:

«Stortinget vil formidle si djupaste orsaking for dei overgrepa fornorskingspolitikken innebar for innvandrargrupper som kom til Noreg i perioden 1970–2025.»

Nei? Berre tida vil vise.