Strøksnes og samane: ei opprydding
Faksimile frå Dag og Tid 24. mars 2023.
Les også
Til slutt vende Ella Marie Hætta Isaksen kappa mot vinden.
Foto: NRK
Nytt frå Bodø/Buvvda/Bådåddjo/Budejju
Les også
Manglende kildehenvisninger
Les også
Nordsamar i Sápmi.
Foto: Granbergs Nya Aktiebolag
Klar tendens
Les også
Dag og Tids line
Les også
Reinflokk i Kautokeino.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Svar til kritikarar
Les også
Uryddig framstilling
Les også
Vennskap og vitenskap
Les også
Nordsamar i Sámpi, fotograferte kring år 1900.
Foto: Granbergs Nya Aktiebolag
En annen historie
Les også
Byggjer Fosen-domen på ei lygn?
Les også
Reinsdyr i Kamøyvær.
Foto: Berit Roald / NTB
Mislykka «opprydding»

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det samiske
Det er prisverdig at Dag og Tid publiserer om samisk historie og samerett over fleire sider og nummer, men for framtida oppfordrar vi redaksjonen til å oppsøke folk med fagutdanning i slike tilfelle.
Vi har lese første del av manifestet til Morten Strøksnes om samanes plass i Noreg (24. mars 2023) og funne så mykje å kommentere og korrigere at spalteplassen på ingen måte strekkjer til for å svare ut alt, men her kjem nokre punkt:
Er Sápmi kolonisert av Noreg?
Strøksnes liker ikkje at det er blitt vanleg å kalle Sápmi for «kolonisert» av Noreg. Han undrar: Betyr det at nordmenn «ikkje høyrer heime i dette landskapet»? Strøksnes treng ikkje bekymre seg. Når «kolonisert» er nytta om Sápmi, er det knytt til at andre folkeslags statar har stykka opp landområda der samane budde, fordelt dei mellom seg, og ført politikk som braut ned samisk identitet, kultur og samfunn. Å seie «Sápmi er kolonisert» er altså ikkje å seie at nordmenn er uvelkomne, det er å beskrive dei historiske og notidige maktforholda mellom samane og statane.
Samane – sin eigen smeltedigel
Strøksnes framstiller Nord-Noreg som ein stad der menneske av ulikt «blod» har møtst, og der ingen er av «rein samisk eller norsk rase». Fokuset på blod og rase er merkverdig. Meiner Strøksnes at etnisitet er det same som genetisk bakgrunn? Då er vi nok ikkje samde: Etnisitet er først og fremst identitet, kultur, samfunn. Samekulturen har ikkje innvandra frå nokon stad til Sápmi, han har oppstått der som resultat av innvandring og påverknad frå mange stader over svært lang tid – eit blandingsprodukt, som alle andre kulturar.
For Strøksnes er det samiske berre ein del i ein stor nordnorsk smeltedigel. Men frå eit samisk perspektiv kan samefolket sjåast som sin eigen smeltedigel, sitt eige samfunn som tar opp i seg impulsar utafrå. Ikkje berre ein byggestein i nokon andre sitt nasjonale eller regionale prosjekt, men sitt eige hus.
Må ein komme først for å vere urfolk?
I spørsmålet om samanes urfolksstatus viklar Strøksnes seg inn i ein irrelevant definisjon av urfolk, og motseier seg sjølv. Han skriv at kven som kom først til «Nord-Noreg», ikkje er viktig – bra, for det har ikkje noko å seie for urfolksstatusen: ILO-konvensjon 169 om urfolks rettar (ILO-169) definerer urfolk etter kva slags situasjon eit folk har blitt sett i av ein annan nasjons stat, ikkje kven som kom først.
Men så påstår Strøksnes at samar «kom sist». For det første er det ein historisk sett underleg påstand, for det andre blei det visst brått viktig kven som «kom først» likevel. Etter kvart blir det tydeleg at Strøksnes meiner at «urfolk» berre burde bety dei som kom først. I sum: Strøksnes byggjer ei historisk forteljing og ein urfolksdefinisjon som leiar lesaren til å tru at samar ikkje er urfolk. Men den held verken historisk eller juridisk mål.
ILO-169 påført Noreg av «globale nettverk»?
Strøksnes målar eit bilde av at samane omtrent blei lurte inn i ILO-169 sin urfolksdefinisjon, og at Noreg ratifiserte konvensjonen så å seie av vanvare. Så ymtar han om at «globale nettverk av urfolk» tener på det. Det er litt av ein teori, litt av ei fiendebildebygging mot urfolk – og litt av ei overdriving av kva ILO-169 har betydd! Det er jo ikkje sånn at Noreg ber samiske tradisjonsnæringar som reindrift og kystfiske rundt på gullstol på grunn av ILO-169. Fosen-saka er eit glimrande døme på det.
Vi treng ikkje globale nettverk og duperte norske elitar for å forstå Noregs ratifisering av ILO-169: Den braut nemleg ikkje med samerettens utvikling i Noreg. Frå før av hadde vi allereie FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP, 1972), Samerettsutvalets første delutgreiing (1984), Sameloven (1987), og sameparagrafen i Grunnlova (1988). Ratifiseringa av ILO-169 i 1990 føyer seg altså fint inn i mønsteret som del av ei vilja utvikling frå myndigheitene – «same kva ein meiner om sjølve saka», for å seie det med Strøksnes.
Øyremerkte samepengar?
Vi undrar oss over at Strøksnes påstår at folk som er førte inn i Sametingets valmanntal, kan søkje på midlar øyremerkte til samar. Kva slags midlar er dette, konkret? Valmanntalet gjer deg berre rett til å delta i sametingsval. At det gir andre rettar er beint fram ikkje sant.
Er 40 prosent av Noreg reinbeite?
Strøksnes gjentar myten om at 40 prosent av Noreg er reinbeiteareal. Dette er teoretisk sant, men i praksis usant. Det samiske reinbeiteområdet er eit administrativt område for norsk forvaltning av samisk reindrift, som omfattar om lag 40 prosent av Noregs areal. Men då har ein rekna med alt innafor grensa til beiteområdet: byar, jernbaner, gruver, innsjøar, vegar osb. – vindparkar òg. Det altså slett ikkje alt av dei av dei 40 prosent som nyttast, eller kan nyttast, til reindrift.
Samisk eksklusivitet?
Strøksnes fryktar at samiske menneske skal få eksklusive rettar i naturen. Til døme brukar han «Guttormgruppa» sitt krav til eigedomsrett for etniske samar over grunnen i Karasjok. Men dette kravet er spesielt i samisk rettigheitskamp: frå Svartskogen-saka (2001) til Nesseby-saka (2018) ser vi derimot at samiske krav gjerne gjeld rettar for heile lokalbefolkninga. Og i Karasjok-saka, som Strøksnes viser til, krev den samiske kommunen nettopp at alle i kommunen, uansett etnisitet, skal eige grunnen.
Vegen etter Fosen
Fosen-saka gjev ikkje samar vetorett over 40 prosent av Noreg. Prosentane er feil, og konklusjonen er feil. Fosenturbinane var i strid med SP-konvensjonen mellom anna fordi utbygginga endra områda fullstendig. Høgsterett fann òg at omsynet til «grønt skifte» ikkje fekk vekt, fordi det fanst andre alternativ som ikkje raserte vinterbeitet. Kvar vindpark i reindriftsland vil ikkje utan vidare bryte med SP – vurderinga er meir samansett enn Strøksnes gjev uttrykk for. Fosen-saka viser at Noreg sitt system med å tillate utbyggingar medan det framleis går føre ein rettsleg prosess om utbygginga, er uheldig. Saka viser også kor viktig det er at representantar for dei kulturberande samiske næringane får eit ord med i laget når naturinngrep påverkar områda deira.
Mikkel Berg-Nordlie er seniorforskar og historikar ved NIBR-OsloMet.
Constance Jessen Holm er senioradvokat og medlem i Advokatforeningens menneskerettighetsutvalg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»