Medisin
Meir om elektrosjokk
Elektrisk stimulering av hjernen utløyser eit kortvarig krampeanfall.
Illustrasjon: Kateryna Kon / Shutterstock
I eit lesarbrev fortel Einar Plyhn den tragiske historia om eit sjølvmord. Kona hans vart råka av ei livskrise utløyst av «konkrete psykososiale hendelser» og fekk behandling ved psykiatrisk klinikk. Fyrst vart ho behandla med antidepressive medikament, seinare med elektrosjokk, men ho møtte lite interesse og forståing for dei underliggjande årsakene til samanbrotet. Ho døydde for eiga hand få dagar etter utskriving frå klinikken.
Plyhn kritiserer det ein-dimensjonale biologiske synet på depresjon som han meiner er inspirert av somatikken. Ein leitar etter kjemiske og andre forstyrringar i indre organ – i dette tilfellet i hjernen – og «filtrerer bort det meste av pasientens levde liv, som er helt nødvendig for å forstå og kunne avhjelpe smerten og krisen».
Det er ikkje vanskeleg å slutta seg til denne kritikken. Depresjon har mange årsaker. Den enkle kjemiske forklåringa om kjemisk ubalanse og serotoninmangel er blitt dementert for nokre år sidan, men rådde grunnen i mange år. I dag vil dei fleste vera samde om at me treng ein biopsykososial forklåringsmodell, det vil seia at både indre og ytre faktorar spelar inn.
I artikkelen « Elektrosjokk bergar liv » argumenterte eg for meir bruk av ECT og likt tilbod over heile landet. Grunngjevinga var at ECT er den mest effektive og best dokumenterte metoden ved alvorleg depresjon – og at ein liten risiko for varige hugsevanskar er til å leva med for den som har opplevd ein invalidiserande depresjon. I nettutgåva av artikkelen tok eg med 20 referansar, 17 av nyare dato (2020–2025), i tillegg til omfattande og heilt nye registerdata. Ein stor studie frå 2025, til dømes, viste at ECT reduserer mortaliten av sjølvmord og av andre årsaker. WHO-dokumentet Plyhn nemner, «Mental health, human rights and legislation» (2023), har i liten grad fått med seg denne nye dokumentasjonen og er meir prega av ideologi enn av vitskap. Det har difor kome fleire kritiske kommentarar til WHO-påstandane, mellom anna i tidsskriftet The Lancet. Elles vil eg nemna at World Psychiatric Association (McLoughlin & al. 2022) har eit heilt anna og positivt syn på ECT-behandlinga og reknar metoden som veldokumentert, effektiv og trygg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.