Kristendom
Med Lønning som lyskastar
Biskop i Borg bispedømme Per Lønning gjekk av i protest mot den nye abortlova i 1975.
Foto: Erik Thorberg / NTB
Takk til Olav Fykse Tveit for svar på kommentaren min « Sigerskamp eller tragedie? » (23. januar 2026) i førre utgåve av Dag og Tid. Det er 50 år sidan biskop Per Lønning gjekk av i protest mot abortlova, og spørsmålet mitt var korleis denne historia kastar lys over innføringa av den nye abortlova i 2025. Her er det interessant å sjå korleis biskopane forheld seg, eller snarare ikkje forheld seg, til det som den gong var Per Lønning si sak.
Som biskop i den norske statskyrkja var Lønning klinkande klar på at den kristne staten var forplikta til å verne alt menneskeliv gjennom lovgiving. Han peika på at staten gjekk utover mandatet sitt med abortlova av 1975, då sosial indikasjon vart grunnlag for abort. Som eit politisk menneske såg han samstundes behovet for ei realistisk tilnærming til abort. Han kom sjølv med framlegg til korleis ei slik ordning kunne utformast utan at staten gjekk på kompromiss med utgangspunktet.
I lys av Lønnings bodskap frå 1975 står bodskapen frå dagens biskopar fram som noko heilt anna. Slik eg les biskopane sitt høyringssvar frå 2024, og Fykse Tveit sitt svar til meg, handlar det ikkje om å halde staten ansvarleg, men utelukkande om å vere deltakarar i den løpande samtalen om abort som finst i kulturen.
Samtalen handlar ikkje om kva den norske staten har vore og skal vere, men om korleis etiske prinsipp blir vegne i møte med levd liv. Utgangspunktet er eit anna, og dette blir sett på spissen når biskopane grunngjev engasjementet sitt med at «eit samfunn med legal tilgang til abort er eit betre samfunn enn eit samfunn utan slik tilgang». Det er som om den profetiske røysta har stilna heilt. Kontrasten mellom dei to utgangspunkta peikar attende på spørsmålet om kva Den norske kyrkja skal vere i høve til statsmakta.
Biskopane i den norske folkekyrkja meiner mykje om abortdebatten, men meiner dei noko om kva som er staten sitt legitime mandat? Historia om Lønning frå 1975 viser at det er tale om to ulike diskusjonar.
Lønning var biskop i statskyrkja, og meinte difor at han hadde mynde overfor staten. I dag har ikkje biskopane denne rolla. Men «den kristne og humanistiske arven» er framleis statens verdigrunnlag. Og mot dette grunnlaget vert det mest radikale ved abortlova av 2025 at ho, på ein heilt annan måte enn lova frå 1978, framstiller abort som ei rein kvinnerett, utan atterhald. Bør ikkje ei kyrkje som ser seg som leverandør av det kristne verdigrunnlaget, ha ei meining om kva som er lovgivingas grenser?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.