Kristendom
Kompromiss om abort?
Biskop i Borg bispedømme Per Lønning gjekk av i protest mot den nye abortlova i 1975.
Foto Erik Thorberg / NTB
Eivor Andersen Oftestad lyfter fram viktige historiske og prinsipielle perspektiv på Per Lønning sin avgang i kommentaren i Dag og Tid 25. januar.
Ho spør kvar biskopane står i dag. Det kan vi seie ein del om:
Menneskeverdet er kjernen i eit kristent menneskesyn. Både i Bispemøtet sin uttale om samtalen om abort i 2019 og i høyringssvaret om ny abortlov i 2024 vert det slått tydeleg fast at fosteret frå unnfanging er eit liv med verdi og krav på vern.
Samtidig må etiske prinsipp forhalde seg til ein konkret realitet, og kategoriske imperativ blir utfordra når dei møter levd liv. Difor har Bispemøtet beklaga språkbruk som skapte avstand heller enn dialog. Å lytte til menneskelege erfaringar har fått konsekvensar for korleis vi nærmar oss temaet: Teologien og etikken kan ikkje la vere å forhalde seg til livet.
All opning for abort – også i tilfelle som valdtekt, incest eller alvorleg fare for livet til kvinna – inneber i seg sjølv ei form for kompromiss.
Slike unntak er ikkje eit uttrykk for at verdien til fosteret blir oppheva, men ei erkjenning av at dei etiske konfliktane i menneskelivet nokre gonger ikkje lèt seg løyse fullt ut. Ulike omsyn kjem i konflikt, også i situasjonar som ikkje er like spissa som dei som er nemnde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.