Kommentar

Sigerskamp eller klassisk tragedie?

50 år etter abortlova er argumenta til Per Lønning framleis aktuelle.

Biskop i Borg bispedømme Per Lønning gjekk av i protest mot den nye abortlova i 1975. Biletet viser Lønning på pressekonferansen i bispegarden.
Publisert Sist oppdatert

Første januar var det 50 år sidan abortlova av 1975 vart gjeldande i kongeriket Noreg. Same dag gjekk Per Lønning av som biskop i Borg. Han hadde vore ein av dei som åtvara aller mest mot lova, og gjekk no i protest.

Kva stod kampen om den gong? Og kva lys kastar denne historia på den nye abortlova av 2025?

Mange trur at striden for 50 år sidan først og fremst handla om kven som skulle bestemme, kvinna eller nemndene. Men dette er beint fram ei overflatisk tolking. Eit anna perspektiv på denne historia er at ho handla om fosteret skulle ha rettsvern eller ikkje, og om staten hadde plikt til å sikre dette. Det er her Lønnings handling får meining.

For fram mot abortlova i 1975 var det ikkje nemndene som var kjernen i striden. Kjernen var om sosial indikasjon, altså ein vanskeleg livssituasjon, kunne vere grunnlag for rett til abort.

Sosial indikasjon

Tidlegare, med abortlova av 1960, gav medisinske, eugeniske og humanitære grunnar (det siste etter vald og incest) tilgang til abort. Fram mot 1975 kjempa sosialistisk side fram sosial indikasjon: «En svanger kvinne har rett til svangerskapsavbrudd når (…) svangerskapet, fødselen eller omsorgen for barnet kan sette henne i en vanskelig livssituasjon.» Dette var det mest radikale med lova, hevda Per Lønning. For no kunne «en hvilken som helst vanskelighet» gi «rett til å skille et ufødt barn fra livet».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement