JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Leve nisjekyllingen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1898
20180316
1898
20180316

Kyllingproduksjon

Nokre gonger, når debattar står i fare for å verte vel tekniske og detaljerte, er det lurt å ta eit steg attende. Det trur eg Dyrevernalliansen, eg og diskusjonen om Rema-kyllingen Hubbard JA787 skal gjere nett no.

Anton Krag argumenterer i Dag og Tid 9. mars for at dei ikkje kan prioritere små nisjemarknader, men må «hjelpe de dyrene som trenger det mest», altså dei i den mest intensive produksjonen.

Lat oss sjå på kva ein «nisje» er for noko. Ordet kjem frå fransk og tyder, pussig nok, «bygge reir». Her kunne vi sagt mangt og mykje om kva biologiske føresetnader fjørfehybrid har for å bygge reir og ikkje, men lat det ligge for no.

Ifylgje Store norske leksikon er storleiken på ein nisje i ein marknad avhengig av storleiken på marknaden – og det som er nisje i ein marknad, treng ikkje vere det i ein annan.

Det er inga naturlov at kjip kylling skal vere billeg. Tvert om: Kylling som vert fôra opp på høgverdig menneskemat, er blant dei mest unødvendige kjøttypane vi har. Særleg om vi ser han i samanheng med det enorme høneoverskotet vi sit på her i landet.

Eg har heller ikkje sett at Dyrevernalliansen har utfordra samanlikninga mi av Hubbard JA787 med den andre medium sakteveksande kyllinghybriden Ross Rowan, som alliansen i 2014 omtalte som «halvt monster».

Billeg industrikylling har ikkje oppstått av seg sjølv. Nokon har skapt han. Nokon må òg avskaffe han og sette inn eit alternativ, som altså er noko ganske anna enn å «sitte passivt og innbille oss at denne produksjonen skal forsvinne», som Krag hevdar er alternativet til ærenda dei spring for familien Reitan.

For eigentleg var det sjølvsagt Rema og Norsk Kylling som skulle stillast til ansvar for måten dei marknadsfører seg på. Heldige dei som har fått ein heil organisasjon til å ta dritarbeidet for seg.

Siri Helle er agronom og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis