Historie
Lettvint om Versailles-freden
Marskalk Foch tek sabelspissen i bruk som det 15. punktet attåt president Woodrow Wilsons 14 punkts fredsplan i Versaille, fortel denne samtidige satireteikninga frå USA.
Kaj Skagen fortel om Versailles-avtalen i sin kommentar i Dag og Tid 13. juni og samanliknar mellomkrigstida for Tyskland med 1990-åra for Russland. Sjølv om samanlikninga kan ha noko for seg, vil eg her gå i rette særleg med Versailles-delen, som gir inntrykk av at Tyskland blei så utarma av den strenge avtalen at dei nesten måtte velja Hitler og gå til krig i alle retningar.
Skagen skriv: «Fredsavtalen mellom vinnarar og taparar i Versailles i 1919 la heile krigsskulda på Tyskland, som vart audmjuka gjennom ’krigsskuldparagrafen’ i Versailles-traktaten og av innskrenkingar i nasjonalt sjølvstende, store territoriale tap og enorme økonomiske erstatningar til sigerherrane. Såleis la ’fredsslutninga’ i 1919 Tyskland i ein rugekasse for eit monster: Hitler og nazirørsla (...).»
Dette var om lag det eg lærte på skulen òg, men i dag veit eg betre.
Den tyske forfattaren og journalisten Sebastian Haffner skreiv alt i 1939 i En tyskers historie: erindringer 1914–1933: «Tyskerne interesserer seg ikke noe særlig for krigsskyldspørsmålet som spiller en så stor rolle andre steder. I all hemmelighet har de slett ikke noe imot å få skylden for krigen, selv om det naturligvis hører til god tone summarisk å bestride det. Det som ergrer og plager dem, er bare at de tapte krigen.»
Hitler-biografen Joachim Fest har skrive noko av det same: «Det var i det hele tatt langt mer de psykologiske enn de materielle belastninger som gav traktaten så traumatiske virkninger tvers gjennom alle grupper og partier.»
Den amerikanske historikaren Sally Marks går lenger og skriv (mi omsetjing): «Hovudproblemet var ikkje at traktaten var eksepsjonelt urettferdig, men at tyskarane syntest han var det, og med tida greidde å overtyda andre om at han var det.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.