Kva vil historikarane i framtida skriva?
I svaret til Jon Lund Hansen i Dag og Tid 16. mai nemner Halvor Tjønn historikarane i framtida. Han meiner at dei ikkje vil vera einige med Jon Lund Hansen. Kva vil dei koma til å skriva om den historiske epoken som Ukraina-konflikten er ein del av? Tilhøvet mellom aust og vest etter krigen gjer epoken spesiell, og alt må sjåast i samanheng. Ideologi er ein viktig faktor, og USA er ein hovudaktør.
I andre verdskrigen vart Sovjetunionen og vestmaktene allierte mot Hitler-Tyskland, og den russiske innsatsen vart avgjerande for sigeren. Men frå 1946 vart det kald krig, til Sovjet-regimet kollapsa i 1991.
Sovjet-Russland hadde 11 millionar falne soldatar og 16 millionar drepne sivile. «Britenes samlede tap av menneskeliv ble 388.000. USA hadde 295.000 døde, krigen i Stillehavet inkludert», ifylgje Hitler- og Stalin-biografen Alan Bullock.
Meininga om etterkrigstida er at Sovjet ville gå til militært åtak på Vest-Europa (no meiner ein det nye Russland vil gjera det same). Halvor Tjønn meiner openbert at historikarane i framtida vil stadfesta dette. Men er det truleg at ein stat som kunne kollapsa, kjende seg sterk nok til å gjera eit slikt åtak?
Etter det russiske åtaket på Ukraina i 2022 sa tidlegare utanriksminister Ine Marie Eriksen Søreide at «nå er tida for å fordømme, ikke å forstå». Dette reagerte toppdiplomaten Kai Eide på. Han frykta «taktfast marsj». Dette har gjort det vanskeleg å diskutera Ukraina-konflikten.
31. mai hadde Dag og Tid to lesarinnlegg som viser dette. Det eine er av Halvor Tjønn, som har vore Dag og Tids faste kommentator om Ukraina-konflikten. Det andre innlegget er av Gjermund Bakkeli Haga. Innlegga er som natt og dag. Halvor Tjønns er eit partsinnlegg, medan Bakkeli Haga gjev ei forklåring av konflikten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.