Kunne ha vore unngått
Natosjef Jens Stoltenberg og president Joe Biden på Nato-toppmøtet i Vilnius i 2023.
Foto: Mindaugas Kulbis / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Krigen i Ukraina
«Råka av irrasjonell krigspsykose», «Putin kan være klar til å angripe Europa innen ti år», «Regjeringen bør planlegge for et fiendtlig innstilt Russland».
Dette er overskrifter i Aftenposten i desse dagar. Og forsvarsministeren i Sverige og andre seier til folket at dei må vera førebudde på krig. Medan statsminister Jonas Gahr Støre vert kritisert fordi han roar ned. Me har levd i fred med Russland i tusen år, sa han i nyttårstalen. Diplomaten Kai Eide har òg refst «vestlig fryktklima».
Krigen i Ukraina er ein særleg stor tragedie fordi han kunne ha vore unngått. Den amerikanske professoren John J. Mearsheimer seier dette om Ukraina-konflikten:
«Det er ingen tvil om at Russland angrep Ukraina, men det er like klart at konflikten ble framprovosert av USA og deres europeiske allierte, da de bestemte seg for å gjøre Ukraina til en vestlig skanse på grensen til Russland. Det var en krigserklæring.» Han seier òg: «Det finnes ingen bevis for at Putin ønsker å innlemme hele Ukraina i Russland eller vil erobre andre land i Øst-Europa. Om Russland så skulle ønske det, har det ikke militærkapasitet til det, og langt mindre til å få hegemoni i Europa.»
«Dette er en krig mellom USA og Russland», seier tidlegare CIA-sjef og forsvarsminister i USA, Leon Panetta, «det er en stedfortrederkrig med Russland, enten vi sier det eller ei.»
President George W. Bush gjorde eit skifte i amerikansk politikk i 2008. Han pressa Nato-landa til å lova Ukraina Nato-medlemskap. 5. mars 2014 sa Henry Kissinger i The Washington Post at «hvis Ukraina skal overleve og utvikle seg, må det ikke være noen av sidenes utpost mot den andre – det må fungere som en bro mellom dem».
«Vesten ville òg knekkja Sovjetunionen, og i 1991 kollapsa regimet.»
At amerikanarane seier dei ynskjer å gjera Russland «varig svekket», gjev Putin rett i at «målet for denne delen av Vesten [altså ikkje for alle] er å dele opp og til sjuande og sist øydelegge landet vårt». (Sitert frå Dag og Tid, 23. september 2022.)
Vesten ville òg knekkja Sovjetunionen, og i 1991 kollapsa regimet. Når skulle åtaket mot Vesten kunna ha kome? Sovjetunionen var i røynda i ein defensiv situasjon frå 1922, då borgarkrigen var vunnen mot 14 intervenerande statar.
Det er mykje negativt å seia om kommunismen, og regima Sovjet innsette i Aust-Europa etter krigen. Dei var eit «cordon sanitaire», seier historikaren Antony Beevor. Han fortel òg at Churchill ville gå mot russarane i Tyskland 1. juli 1945 (s. 822). I kampen mot Hitler hadde verda god nytte av dei.
Le Monde Diplomatique på leiarplass: «For 60 år siden hadde USAs president John F. Kennedy få kvaler med å si at ’ingen nasjon i krigshistorien har lidd mer enn Sovjetunionen gjorde under andre verdskrig’.» Og han la til: «Ingen vestlig leder ville våge å si noe lignende i dag. – 11 millioner sovjetiske soldater falt i kamp mot Nazi-Tyskland, og 15 millioner sivile mistet livet.»
Eg vil minna om kva kongen sa i nyttårstalen sin: «Snakk sant om virkeligheten!»
Når dette er sagt: Ukrainarane må hjelpast til å oppnå ei tilfredsstillande fredsslutning. I utgangspunktet var folket delt på midten i spørsmålet om dei ville høyra til i Ukraina eller Russland. Og det var ikkje fleirtal for medlemskap i Nato.
Eg er i mitt 96. år og snart ute av tida. Då tenkjer eg på barneborn og oldeborn, som på grunn vitlaus politikk kan koma til å oppleva krig som i dag – jamvel verdas undergang!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.