Leiar

Ver etterretteleg

Stavanger 20250903. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ferje over Boknfjorden under valgturneen i forbindelse med stortingsvalget.Foto: Javad Parsa / NTB
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) tok ferje over Boknafjorden under valkampen.
Publisert

Det er uheldig at debatten om statsbudsjettet i over ei veke har handla mest om gratis ferjer og sletting av studiegjeld i visse kommunar. Det er nok av andre viktige saker å ta tak i.

No handlar ikkje debatten om dei to sakene i seg sjølv, men om at regjeringa har villeidd veljarane i valkampen. Ja, skal ein tru fleire som har ytra seg, så har dei direkte loge til veljarane. Men skuldingar om lygn skal ein vakta seg for. Lygn er alvorleg, berre les Bibelen.

Det er forståeleg at ting kan gleppa i ein hektisk valkamp. Og alt er ikkje slik det kan sjå ut til å vera. Ta den mykje omtala ferjeturen til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg over Boknafjorden 4. september. «Her intervjues Støre og Stoltenberg – og lover gratis ferje», skreiv VG under eit bilete frå intervjuet Øyposten gjorde med dei to den 17. oktober.

I Debatten på NRK tysdag vidareformidla også NRKs Fredrik Solvang at Støre og Stoltenberg sat i lag då Støre fekk spørsmålet frå Øyposten om gratis ferjer. Men det er journalistisk dikting og noko Øyposten aldri har skrive. Frithjof Jacobsen heldt fram i same program og fortalde at han ofte har lurt på kva andletsuttrykk Stoltenberg hadde då han høyrde sjefen sin seia at det skal vera gratis ferjer.

Det treng han ikkje lenger lura på, for den situasjonen har aldri funne stad. Det stadfesta redaktøren i Øyposten, Sigbjørn Høidalen, til Dag og Tid på onsdag. Same dagen formidla VG-podkasten Giæver og gjengen det same, før Klassekampen melde det i går. Spørsmålet om gratis ferjer kom heilt på slutten av ferjeturen, og då var Støre åleine med journalisten.

Like fullt har regjeringa feilinformert veljarane. Det er alvorleg. Ein må gå ut frå at partiet har fått valrøyster på å argumentere for dei to distriktstiltaka. Vedtaksprosessen om statsbudsjettet har byrja med eit salig rot. Og kor skal regjeringa finna inndekning for dei to sakene som no skal inn i budsjettet?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement