Samtalen
Politikkens kostbare ferjereiser
Statsvitar Svein Tuastad forstår at folk reagerer når vallovnader vert brotne, men han meiner påstandane om løgn og bløff har sete for laust.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på ein av ferjeturane saman med finansminister Jens Stoltenberg (Ap) under rundturen på Vestlandet før stortingsvalet i haust.
Foto: Javad Parsa / NTB
Så måtte Arbeidarpartiet snu likevel og gjere endringar i statsbudsjettet før forhandlingane med dei andre raudgrøne partia i det heile har starta. Det gjekk ikkje å signalisere til veljarane i valkampen at partiet ville vidareføre ordningane med gratis ferje og sletting av studiegjeld samstundes som regjeringa alt hadde vedteke å gå vekk frå begge delar i det komande statsbudsjettet.
Statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger meiner Ap brukte overraskande lang tid på å orsake og ordne opp, men han reagerer også på kor laust påstandane om løgn og bløff har sete, sjølv blant moderate politikarar, seier han.
– Men er ikkje krass ordbruk forståeleg når Jonas Gahr Støre berre dagar før valet sa til Øyposten at «gratis ferje skal det fortsette å vere», og når Jan Christian Vestre endåtil laga video der han skulda Høgre og Frp for å vilje kutte tilbodet om gratis ferjer og fjerne ordninga med gjeldssletting for studentar?
– Det er klart at folk reagerer, og det er også både bra og skjerpande for heile det politiske Noreg at slike ting ikkje slepp unna. Vi er verkeleg ikkje eit fake news-land. Det er det gode nyhendet. Men det er stor skilnad på løgn og desinformasjon og det å gjere feil eller å love noko i litt god tru. Og mellom desse ligg det som er nokså vanleg; å love noko ein ikkje kan halde. Å kalle det lovnadsbrot er ein meir moderat språkbruk. Med løgn snakkar vi om folk som ikkje fortener moralsk tillit, som ikkje er til å stole på. Og det er ikkje der vi er.
– Korleis kunne dette skje?
– Når det gjeld Støre, kan han av og til vere litt omtrentleg og uvørden. Eit anna døme på det er Norway Cup-saka. Der kommenterte han ei valdshending og vart kritisert for å blande seg inn i rettslege spørsmål. Det var uproft. I Politisk kvarter på NRK tysdag sa han jo også at han visste kva som stod i budsjettet, men at han ikkje kopla det då han fekk spørsmål om gratis ferjer, og at han altså gjorde feil. Det høyrest truverdig ut. Eg synest filmen til Vestre er vanskelegare å forstå. Her må vi jo berre spekulere. Men hugs kva som går føre seg på budsjettkonferansane. Då slåst ministrar for sine saker, som dei sjølv brenn for. Som ny forskings- og høgare utdanningsminister har kanskje ikkje Sigrun Aasland eigarskap til gjeldsslettingsordninga, det var ikkje hennar politiske sak i utgangspunktet. Men om ho eller andre faktisk tok opp dette i budsjettkonferansen i august, er det verkeleg uforståeleg at Vestre kunne ha med denne saka i videoen sin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.