JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KronikkOrdskifte

Løynd tyrkisk krig i Irak

Tyrkia fører krig på irakisk jord. Regjeringa i Irak gjer ikkje militær motstand.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
7331
20240209
7331
20240209

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Før jul var eg på ei rundreise i utkanten av krigsområda lengst nord i Irak. Lokalkjende Kamaran, som arbeider i Community Peacemakers Teams (CPT), var vegvisar. CPT er ein fredsorganisasjon med opphav i kristne miljø i USA. Dei har eit finmaska kontaktnett i landsbyane nær grensa mot Tyrkia og Iran.

Fordi CPT er nøytrale, er dei ei påliteleg kjelde til fakta om krigen. Eg bad Kamaran vise oss korleis krigen mellom Tyrkia og Det kurdiske arbeidarpartiet, PKK, påverkar kvardagslivet for dei som bur lengst nord i Irak. Krigen starta i det små sist på 1990-talet.

Tyrkia fører krig på irakisk jord, med bakkestyrkar, fly og avanserte dronar. I dag kontrollerer Tyrkia eit nesten samanhengande «belte» langs statsgrensa, frå Syria til Iran. Det er om lag 360 km langt og opp til 35 km breitt. Tyrkia jagar vekk folket i området, utvidar området månad for månad og sender treffsikre dronar mot mål 190 kilometer inne i Irak. Regjeringa i Irak protesterer, men gjer ikkje militær motstand. Berre den militært underlegne PKK-geriljaen slåst mot invasjonsstyrkane.

Kronikken er skrive av Erling Folkvord, landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan.

Foto: Heiko Junge / NTB

«Berre den militært underlegne PKK-geriljaen slåst mot invasjonsstyrkane.»

Parti og klanar

Irak er ein del av Mesopotamia, det fruktbare slettelandet mellom Eufrat og Tigris. Her vaks nokre av dei første sivilisasjonane fram for rundt 7000 år sidan. Her delte sigerherrane i første verdskrigen Det osmanske riket mellom seg for 100 år sidan. Dei trekte opp nye grenser i Midtausten. England, Frankrike og Folkeforbundet sa det var eit siviliseringsprosjekt. Irak er ein av dei nye statane. Etter oppdelinga vart Kurdistan, som var ein del av Det osmanske riket, delt mellom fire statar.

Føydale tradisjonar som framleis står sterkt, er ein annan grunn til både innbyrdeskrigar og store klasseskilnader i den kurdiske delen av Irak. Klanleiarane, som alle er menn, har stor makt og skarpe konfliktar seg imellom. Unge kvinner fortel om arbeidsløyse, fattigdom, trugsmål og grov vald både i familien og utafor. Helsepersonell hevdar at mange kvinnedrap blir registrerte som sjølvmord.

Dei styrtrike leiarane i dei to største klanane – Barzani og Talebani – har i 50 år hatt kvart sitt politiske parti. Dei har delt Den kurdiske regionen mellom seg. Grøn sone til Barzani og Kurdistans demokratiske parti (KDP). Gul sone til Talebani og Patriotisk Union Kurdistan (PUK).

For 25 år sidan besøkte eg ein småbrukar i den grøne sona (Barzani). Han hadde på 1970-talet vore livvakt for legendariske mulla Mustafa Barzani, mannen som stifta Kurdistans demokratiske parti (KDP). Han svara slik da eg spurde om synet hans på Mesud Barzani, sonen til partistiftaren: «Barzani er alltid alliert med nokon, men aldri med sitt eige folk.»

«Reint folkerettsleg liknar det kanskje litt på Putins krig for å innlemme delar av Ukraina i Russland?»

Hjelp frå USA

Etter hundreårsskiftet har ingen kurdiske parti hatt som mål å samle Kurdistan i ein ny stat. Men kurdarane i den nordlege delen av Irak har kjempa for i alle fall eit indre sjølvstyre.

Her vann dei ein historisk siger i 2005. Den irakiske grunnlova frå 2005 seier at regionen Kurdistan er ei føderal eining i Irak. Dette var to år etter at USA hadde knust statsapparatet som president Saddam Hussein hadde styrt sidan 1979. Dei som seier at grunnlova vart skrive under amerikansk overoppsyn, kan ha eit poeng.

Eg møtte partileiarane Barzani (KDP) og Talebani (PUK) sju år før USA lét dei vere med og lage grunnlov. Begge snakka positivt om hjelpa dei hadde fått frå USA. PUK-leiar Talebani gjekk lengst: «Den nasjonale interessa vår ligg svært nær USAs nasjonale interesser», sa han. Både Talebani og Barzani støtta den amerikanske invasjonen i 2003. Dette skapte nye konfliktar mellom kurdarar og arabarar. Men grunnlova gav kurdarane eit indre sjølvstyre to år etterpå.

Tyrkias rolle

Tyrkia oppretta den første militærbasen i Irak for nesten 30 år sidan. Geriljastyrkar frå PKK har om lag like lenge hatt tilhald i fjellområda lengst nord. Pussig nok starta dette med ein avtale mellom den daverande PKK-leiaren Abdullah Öcalan og KDP-leiar Mesud Barzani. Barzani er i dag samd med Tyrkias president Erdogan om at PKK er ein terroristorganisasjon.

Frå midten av 1990-talet gjennomførte Tyrkia kortvarige bakkeinvasjonar lengst nord i Irak. Målet var alltid å «utslette dei siste PKK-terroristane» og så trekke seg ut. Tyrkia mislykkast.

President Erdogan har endra den tyrkiske strategien. Tyrkia har i dag om lag 60 basar og militære utpostar i den kurdiske regionen og erobrar nytt land år for år. Daverande innanriksminister i Tyrkia, Süleyman Soylu, gav klar beskjed da han 5. mai 2021 besøkte tyrkiske soldatar på okkupert jord i Irak: «Målet vårt her er det same som i Syria. Vi har kome for å bli verande i Irak.»

Tyrkia bygger nye militærbasar og nye vegar. Soldatane høgg ned oliventre og skog. Dei fraktar tømmeret til møbelfabrikkar i Tyrkia. Amerikansk satellittovervaking viste i 2021 at nokre av dei snauhogde områda er så store at dei er synlege frå verdsrommet. Ordføraren i grensekommunen Kani Masi, som delvis er okkupert av Tyrkia, fortalde meg at han ikkje fekk lov å reise til den okkuperte delen av sin eigen kommune. Han visste at tyrkiske soldatar dreiv flatehogst der, men fekk ikkje sjå kor store område dei tok.

Korfor reagerer ikkje Irak?

Det er fleire årsaker til at det berre kjem verbale protestar frå Bagdad. Parlament og regjering i Irak er svake. Iran-lojale militsar har stor makt. Om lag 2500 amerikanske soldatar står framleis i landet, sjølv om parlamentet har vedtatt at dei skal ut. Dei amerikanske bombeåtaka 3. februar laga enda fleire flokar. Og IS (Islamsk stat) har vorte sterkare i dei siste åra. I tillegg er KDP, det sterkaste kurdiske partiet, alliert med USA og tett knytt til Tyrkia.

Nummer 150

Ein tyrkisk droneoperatør drap 43 år gamle Ali Jamil Kalash 5. desember 2023. Drapet skjedde midt i byen Bamarne, snautt 30 kilometer frå statsgrensa. Ali Jamil vart nr. 150 på CPT-lista over sivile offer for tyrkiske åtak sidan 2015.

Det var 28. juli i 2015 at eit hasteinnkalla utanriksministermøte i Nato gav ei stillteiande godkjenning av president Erdogans nye «krig mot terror» i Irak og Syria. Børge Brende (H) var norsk utanriksminister da.

Rundreisa med lokalkjend tolk gav eit skremmande innsyn i korleis Tyrkia jagar vekk lokalbefolkninga. Eg møtte overlevande, med og utan synlege skadar, som har vorte tvinga til å forlate heimane sine. Dei fortalde om korleis Erdogan og Tyrkia tar frå dei landet, bit for bit. Fleire som har flykta éin gong, sa at dei fryktar at Tyrkia kjem etter dei enda ein gong. CPT seier at lokalbefolkninga frå 2015 og fram til no har tapt 500 landsbyar.

Draumen om «Stor-Tyrkia»

For president Erdogan er det ikkje berre ein krig mot PKK. Han har lova veljarane å gjennomføre Den nasjonale pakta frå Atatürks tid. President Atatürk (1881–1938) ville innlemme oljerike Nord-Irak og Nord-Syria i Tyrkia. Erdogans steg-for-steg-okkupasjon av det nordlege Irak kan vere ein del av krigen for å få til det Atatürk mislykkast med.

Reint folkerettsleg liknar det kanskje litt på Putins krig for å innlemme delar av Ukraina i Russland?

Erling Folkvord

Erling Folkvord er landsstyremedlem i Solidaritet med Kurdistan.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis