JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

– Vi er ikkje døde, men vi lever ikkje heller

Nord-Syria: Shamesaa og den yngste sonen Faez er to av 16.500 som i fire år har budd i Wa Shaw Kani-leiren. Dei er flyktningar i sitt eige land. Flyktningleiren ligg om lag 35 kilometer sør for grensa mellom Syria og Tyrkia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Erdodan viser hovudforsamlinga i FN 24. september 2019 eit kart der eit 30 km breitt belte han ønskjer å okkupere i Syria, er markert. Ein «fredskorridor», som han kalla det. 15 dagar seinare tok den tredje invasjonen i Nord-Syria til.

12385
20231222
12385
20231222

Utanriks

erfolk@online.no

Eg er i Nord-Syria seint i november i år. Etter ein del besøk i dei siste 25 åra har eg mange vener her og synest eg veit litt om både land og folk. Eg er både journalist og aktivist. Eg har støtta frigjeringskampen til kurdarane i 30 år. Og heilt konkret har eg dei siste sju åra samla inn pengar til bygging av fotballbaner for jenter og gutar i Nord-Syria. Som journalist ønskjer eg etter beste evne å fortelja om kvardagen til folk som er utsette for krigane i dei kurdiske områda.

Etter det kurdiske opprøret mot Assad for elleve år sidan har det gradvis vorte vanskelegare å kome seg hit. Med eitt unnatak er grenseovergangane stengde for utlendingar. Unnataket er to flytebruer over Tigris heilt nord i Syria. For å nå fram dit må ein reise gjennom Kurdistan-regionen lengst nord i Irak.

Men ein når ikkje fram til brua utan å ha utreiseløyve frå presidentkontoret i den kurdiske regionen i Irak. Det er som om ein irakar kjem til Noreg og må ha godkjenning frå den norske regjeringa for å reise vidare til Sverige.

Kurdistan-regionen i Irak blir styrt av menn med makt i Barzani-klanen, som har gjort seg gjeldande i Irak sidan 1940-talet. Og Barzani-toppane har tette økonomiske og politiske band til president Erdogan i Tyrkia.

No har Tyrkia i mange år ført krig mot det Erdogan kallar terroristar i Nord-Syria. Eg ser ikkje på dei som terroristar, men som del av ei demokratisk rørsle i Midtausten. Og føremålet med reisa mi denne gongen er å sjå korleis den tyrkiske krigen har endra kvardagen for folk som den 60 år gamle Shamesaa og andre «terroristar».

Nord og Aust Syria: Oransje er det sjølvstyrte området. Dei samanhengande raude felta er okkuperte av Tyrkia. Raude og blå stjerner er tyrkiske luft- og granatåtak mellom 5. og 10. oktober.

Kjelde: RiC

Eg har fått utreiseløyve som frilansjournalist. Likevel er eg spent da eg kjem til det aller siste kontrollpunktet på grensestasjonen.

– Sorry, Erling. You must sit down a few minutes, seier ein funksjonær da datamaskinen hans har sett på passet mitt.

Etter som minuttane blir til mange timar, blir eg meir og meir mismodig. Så, rett før stengetid, kjem ein annan funksjonær med passet mitt og ønskjer meg god tur. Eg blir einaste passasjeren på den siste minibussen over Tigris.

Flykta med husdyr

Det er iskaldt i Wa Shaw Kani-leiren da sjåføren Safqan, tolken Khalisa og eg dukkar opp som ubedne gjester hos Shamesaa og sonen Faez. Dei bur i eit slite, blått telt med dei velkjende UN-bokstavane på utsida. Vindkasta piskar sanden så hardt mot teltveggane at eg er redd dei skal gi etter. Shamesaa prøver å tette igjen eit hol der teltduken har begynt å rivne.

Fram til 11. oktober 2019 budde dei i landsbyen Al-Manajir, like utafor grensebyen Serê Kaniyê.

Den kvelden måtte dei og naboane flykte da den tyrkiske hæren og leigesoldatar omringa landsbyen. Nokre av naboane prøvde å ta med seg husdyra.

– Vi levde godt der, seier begge.

Shamesaa, som har sju vaksne søner, var framleis heimeverande. Faez var landarbeidar. Fire av brørne er gifte og har born. To er ugifte. Faren, som var elektrikar, mista livet i ei arbeidsulykke da Faez var 13 år. No bur alle i storfamilien i Wa Shaw Kani-leiren. Leiren har fleire familiar enn telt.

– Eg har ikkje teppe å legge over meg om natta, seier Shamesaa.

– Eg må berre legge meg i eit hjørne. Vi har brukt alle teppa til å tette og forsterke teltveggane.

Når eg ser meg rundt, forstår eg kva ho snakkar om. Teppet som ligg på jordgolvet, må ligge der.

Okkupasjon

Eg er i den sjølvstyrte delen av det nordaustlege Syria. Det tverrkulturelle sjølvstyret som flyttar makt frå menn til kvinner, starta så smått med eit fredeleg opprør i Kobanê i august 2012. Regjeringsstyrkane måtte forlate Kobanê, som det to år seinare vart skrive mykje om i utanlandske media, fordi terrororganisasjonen Den islamske staten (IS) i 2014 leid sitt første nederlag der, ikkje minst takka vere flystøtte frå USA.

IS er framleis aktiv, med gøymde celler, både i Irak og Syria. Syrian National Army (SNA) er namnet på den tyrkiske leigesoldathæren. Denne hæren, som Tyrkia oppretta i 2017, er ei konfliktfylt blanding av rundt 30 væpna grupper i Syria. Innbyrdes kampar mellom dei er ikkje uvanleg. Soldatar kan skifte frå den eine gruppa til den andre. At tidlegare IS-krigarar har gått over til ei gruppe i SNA, er dokumentert fleire gonger. Tyrkia, som finansierer SNA, har òg sendt SNA-soldatar både til Libya og til Nagorno-Karabakh.

Sjølvstyret i den nordaustlege landsdelen omfattar i dag nær ein tredjedel av Syrias landområde. Folketalet er nær fem millionar. Dei fleste er arabarar. Autonomous Administration of North and East Syria er det tungvinte namnet på sjølvstyret i Nord- og Aust-Syria. Namnet understrekar at dei ikkje vil bryte ut av Syria, altså det er ikkje tale om å opprette ein eigen stat. Men i løpet av dei siste sju år har Tyrkia okkupert tre ulike delar av dette sjølvstyrte området.

Velorganisert

Wa Shaw Kani er ein velorganisert leir. 38 personar, dei fleste på heiltid, arbeider for Den kurdiske raude halvmåne. Av desse er tre jordmødrer, ein allmennlege, ein barnelege og ein gynekolog. Pengemangel er årsaka til at det berre står éin ambulanse utanfor Raude halvmåne-brakka. Fram til nyleg hadde dei to ambulansar. Dei omfattande sanksjonane mot Syria gjer sitt til at helsearbeidarane manglar det meste som trengst for å drive ei god helseteneste.

Den lokale Raude halvmåne-sjefen, Khunat Ahmed, fortel at heile leiren nyleg var utan vatn i to døgn. Tyrkiske dronar hadde øydelagt elektrisitetsforsyninga og tankbilane dei brukte for å hente vatn.

Khunat vart i 2015 med familien som reiste til Tyskland. Dei flykta frå IS og krigen. Men ho reiste heim att etter ni månader.

– Ingen føretrekker å leve livet sitt i eit anna land, seier ho.

Fleirkulturell

Wa Shaw Kani er den største av tre leirar med flyktningar frå Serê Kaniyê. Den nyaste folketeljinga fortel at byen var jamstor med Hamar før krigen starta i 2011, med om lag 29.000 innbyggarar.

Serê Kaniyê er delt. Frankrike og Tyrkia vart for 102 år sidan samde om å trekke ei statsgrense langs Berlin–Bagdad-banen. Agatha Christie reiste med banen før ho skreiv Mord på Orientekspressen. Statsgrensa går tvers igjennom byen. Den nordlege bydelen er i Tyrkia og den sørlege i Syria. Men byen har framleis namn på fire språk: tyrkisk, arabisk, kurdisk og assyrisk.

Første gongen eg var der, for ti år sidan, var byen delt av enda ei grense: ei våpenkvileline mellom kurdiske forsvarsstyrkar og Den frie syriske hæren. Soldatane frå Den frie syriske hæren fortalde meg at dei hadde kome over grensa frå Tyrkia. Dei viste meg rundt og fortalde om ambisjonane dei hadde for eit nytt Syria. Men dei lukkast ikkje. Dei kurdiske forsvarsstyrkane jaga dei tilbake til Tyrkia nokre månader seinare.

Hausten 2013 tok innbyggarane fatt på gjenoppbygginga. I fleire år kunne dei leve nesten i fred. Folk eg møtte i Serê Kaniyê før den siste okkupasjonen, fortalde at skyting frå tyrkisk side drap nokre få og skadde litt fleire i dei neste fem–seks åra. Men i landsbyane utanfor byen var småbrukarane redde for å arbeide på jorda som ligg nærast grensa.

Okkupert by

– No er heile den syriske delen av byen okkupert. Familiane til IS-krigarar og andre leigesoldatar som har slutta seg til den tyrkiske leigesoldathæren, har overtatt mange av husa. Erdogan har òg flytta flyktningar frå andre delar av Syria inn i hus som vart ledige da nesten alle flykta frå Serê Kaniyê. Men nokre få har reist heim igjen, seier Shamesaa, som trur at huset til familien hennar enno står tomt.

Ho fortel òg at IS-soldatar i leigesoldathæren har sendt ut ein video som viser halshogging av nokre av dei som vende tilbake. Den siste opplysninga kan ikkje eg kontrollere, men det er uansett ei forteljing som skremmer dei i leiren.

By midt i krigen

Eg vil helst reise til Z’argan som ikkje er langt unna. Her i Dag og Tid rapporterte eg frå den vesle byen for to år sidan. Men denne gongen får eg ikkje reise dit. Eg får berre vite at heimevernet i den byen akkurat no prøver å slå tilbake eit åtak frå det okkuperte området som ligg tett inntil byen. Derfor blir det i staden ein tur oppover Eufratdalen. Den lengste elva i Sørvest-Asia, som renn frå dei kurdiske fjella i Tyrkia gjennom Syria og Irak og ut i Persiabukta, er nesten uttørka.

Eg køyrer vidare mot Raqqa, ein av dei store byane i Syria, og IS-hovudstaden frå 2014 til 2017. Eg sit tørt og varmt medan regnet høljar ned og vaskar vekk sandlaget på bilane. Men vinden er like kraftig. Eg tenkjer på korleis Shamesaa, Faez og dei andre i Wa Shaw Kani må takle vinden og vatnet.

– Eg går ikkje på skole. Skolen min er bomba, seier denne 12-åringen i Z’rgan. Tyrkiske bomber har øydelagt dei tre skolene i bydelen hans.

Foto: Erling Folkvord

Vi kjem til den oppdemde Assad-sjøen, som er dobbelt så stor som Mjøsa. Ein ingeniør tar oss med rundt på Tabqa-kraftverket i sørenden av sjøen. Det er største kraftverket i Syria. Han viser oss at vasstanden no er seks meter lågare enn da eg var her på same tid på året i 2017. Berre éin av dei åtte turbinane er i drift. Ingeniøren seier Tyrkia har stansa mykje av vatnet. Noko som er katastrofal for jordbruket langt nedover Eufrat-dalen.

Til Z’rgan likevel

Etter eit par dagar får eg ja til eit Z’argan-besøk likevel. På heimevernposten der vi stoppar, får eg eit triveleg gjensyn med ein av soldatane eg møtte sist. Han og dei andre fortel detaljert om kampane to dagar før. 15 køyretøy med soldatar hadde vore på veg mot byen. Forsvararane var så godt budde at dei stansa åtaket.

Fem soldatar døydde. Tre frå den tyrkiske hæren. To var leigesoldatar. Ein leigesoldat vart skadd. Ein offiser frå forsvarsstyrken fekk ein hovudskade.

No er dei budde på ein hemnaksjon. Da tyrkiske køyretøy blir observerte nær frontlina, utset dei rundturen vår. Ein kjentmann frå heimevernet er med i bilen da vi startar ein dryg halvtime seinare.

Ein times biltur på kryss og tvers i ein utkantbydel gir eit inntrykk av krigen. Ingen store bombekrater. Berre nokre få bustadhus er jamna med jorda. Eg treffer mange som framleis er der. Ei kvinne svarar kort da eg spør om korfor ikkje ho og familien har flykta: Kor skal vi flykte? Dei huslause på Gaza-stripa stiller same spørsmålet.

Dette er litt av det eg såg:
Tyrkia har bomba eit bakeri som 200 familiar var avhengige av. Etter forsøk på reparasjon kom bombeflya ein gong til.

Tyrkia øydela samtidig eit pumpetårn for drikkevatn. 200 familiar vart utan vatn.

Ei mølle som leverte mjøl til matlaging, var knust. Reparasjon krev reservedelar som må kjøpast inn i strid med dei FN-vedtatte sanksjonane. Dei tre som arbeider på åkeren ikkje så langt frå mølla, arbeider som før: – Kva anna kan vi gjere, spør den eldste.

Det er midt på føremiddagen da vi møter ein flokk smågutar i ei av gatene. Eg spør korfor dei ikkje er på skolen. – Eg går ikkje på skolen, svarar ein tolvåring. – Skolen min er bomba.

Vi er innom tre skolar. Bygningane er ikkje knuste, men det som står igjen, er ubrukeleg som skole.

Eit kommunalt kontorbygg er òg bomba. Ein vasstank som kommunen brukte for å køyre ut drikkevatn til folk, er sprengt i filler. Treffsikker bombing.

Ein klinikk for bydelen hadde fått same medfart. Alt er knust.

Fordi Tyrkia øydela straumforsyninga for lenge sidan, skaffar mange seg straum med generator. Fleire familiar har gjerne ein på deling. Eg mistar teljinga på dei øydelagde generatorane vi køyrer forbi. Presis bombing her òg. Generatoren var målet, ikkje husa nokre meter unna. Omvisaren fortel at droneoperatørane først detaljfotograferer områda som skal bombast. Tyrkisk droneproduksjon er i verdstoppen.

Fram til den tyrkiske droneoperatøren øydela vasstanken, køyrde Z’rgan kommune kvar dag ut drikkevatn til dei som bur i bydelen.

Kampane som kosta fem soldatliv for to dagar sidan, var «vanleg» krig mellom okkupant- og forsvarsstyrkar. Det eg ser i denne vesle bydelen, er noko anna. Her er det ingen militære innretningar. Dei tyrkiske åtaka eg såg resultata av, var retta mot sivile mål.

Fleire krigar

I desse to vekene har eg sett ein av krigane i Midtausten på nært hald. Ein av dei andre krigane i Midtausten går føre seg på palestinsk jord.

For president Erdogan handlar krigen i Syria om å skape ein fredskorridor på syrisk territorium. Korridoren skal i første omgang vere minst 30 kilometer brei og strekke seg frå Middelhavet til grensa mot Irak. Han har berre så vidt begynt. Dei eg har møtt i Nord-Syria, seier at Erdogan vil utvide Tyrkia og øydelegge det nye demokratiet dei har skapt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis