KRISTENDOM
Silje Kvamme Bjørndal reagerer på kommentaren min «Dansen kring bedehuset» (Dag og Tid 18. august), og set opp fleire universelle prinsipp for kristendemokratiske parti i Vesten. Men det er ikkje prinsippa bak KrFs politiske verksemd eg kritiserer. Det er praksisen. Eg finn ikkje att prinsippa som styrer refleksjonane rundt kristentru og politikk i KrFs argument denne valhausten. For det er vanskeleg å forstå korleis KrF-leiaren tenkjer om tilhøvet mellom tru og politikk kvar gong han opptrer i media. Hareide talar om «kristne» verdiar som formar KrF-politikken. Desse verdiane er altså noko som KrF har eigarskap til. Men i neste augneblink talar han altså om K-en i KRLE-faget, og vi fell av.
Bjørndal talar om nestekjærleik, og at dette fenomenet òg er sentralt i jødedom og kristendom. Men når Hareide skal profilere partiet i forhold til Frp, er plutseleg nestekjærleiken blitt ein identitetsmarkør for KrF, og slett ikkje for Frp. Så du kan altså ikkje vere mot ein liberal innvandringspolitikk og vere kristen? Eg trur det skal vere mogleg.
Så kva skal politikaren gjere, ho som har sunge lovsongen sin på sundagsgudstenesta i bedehuset og måndag morgon går til arbeidet sitt som folkevald? Om ho er ein KrF-politikar, skal ho tenkje gjennom korleis ho betre skal omsetje dei «kristne» verdiane ho meiner å høyre om i bibelforteljingane, til eit sekulært språk. Slik kan alle, og ikkje berre kjerneveljarane som deler dialekten hennar, skjøne at ein ikkje treng å tru på den kristne Gud for å skjøne brorparten av dei politiske poenga til KrF.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
KRISTENDOM
Silje Kvamme Bjørndal reagerer på kommentaren min «Dansen kring bedehuset» (Dag og Tid 18. august), og set opp fleire universelle prinsipp for kristendemokratiske parti i Vesten. Men det er ikkje prinsippa bak KrFs politiske verksemd eg kritiserer. Det er praksisen. Eg finn ikkje att prinsippa som styrer refleksjonane rundt kristentru og politikk i KrFs argument denne valhausten. For det er vanskeleg å forstå korleis KrF-leiaren tenkjer om tilhøvet mellom tru og politikk kvar gong han opptrer i media. Hareide talar om «kristne» verdiar som formar KrF-politikken. Desse verdiane er altså noko som KrF har eigarskap til. Men i neste augneblink talar han altså om K-en i KRLE-faget, og vi fell av.
Bjørndal talar om nestekjærleik, og at dette fenomenet òg er sentralt i jødedom og kristendom. Men når Hareide skal profilere partiet i forhold til Frp, er plutseleg nestekjærleiken blitt ein identitetsmarkør for KrF, og slett ikkje for Frp. Så du kan altså ikkje vere mot ein liberal innvandringspolitikk og vere kristen? Eg trur det skal vere mogleg.
Så kva skal politikaren gjere, ho som har sunge lovsongen sin på sundagsgudstenesta i bedehuset og måndag morgon går til arbeidet sitt som folkevald? Om ho er ein KrF-politikar, skal ho tenkje gjennom korleis ho betre skal omsetje dei «kristne» verdiane ho meiner å høyre om i bibelforteljingane, til eit sekulært språk. Slik kan alle, og ikkje berre kjerneveljarane som deler dialekten hennar, skjøne at ein ikkje treng å tru på den kristne Gud for å skjøne brorparten av dei politiske poenga til KrF.
Fleire artiklar
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.