JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Inga militærpolitisk reorientering hos Nordahl Grieg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

Faksimile Dag og Tid 13. januar.

4223
20230127
4223
20230127

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Historie

Den 13. januar har Håvard Rem ei interessant samlesing av dei to dikta «Til ungdommen» og «Øya i ishavet» på trykk i Dag og tid. Der fremmar han at andre verdskrig endra Grieg sitt syn på nasjonal krigføring, og at dette gjorde at han såg kritisk på sitt eige fredsdikt «Til ungdommen». Kan hende er det noko rett i denne historiseringa, men Rem sin tekst er djupt problematisk.

Likeins mange marxistar snublar Rem når han freistar å hente konkrete politiske råd frå historia. Rem samanliknar Grieg si haldning til krig og avmilitarisering med endringar i haldningar til Nato på venstresida i dag. Det har lite med Nordahl Grieg å gjere, men mykje med Rems eigen politikk.

Rem les «Til ungdommen» som eit utslag av strategisk pasifisme, der målet til Grieg var å argumentere for avmilitarisering av kapitalistiske land. Det Rem ikkje nemner er den konkrete forhistoria for diktet, altså det vi faktisk veit om kvifor Grieg skreiv det. Resultatet er at Rem si selektive biografiske tilnærming stenger både for den fulle meininga i diktet, og for den politiske funksjonen det skulle ha.

Diktet er strategisk, men tilpassa ein annan retorisk situasjon enn den Rem plasserer det i. Grieg skreiv diktet på oppfordring til ein fest i Studentersamfundet som eit mottrekk mot ein forventa aksjon frå Nasjonal Samling, Fedrelandslaget og Den konservative studentforening. Diktet er altså eit høvesdikt meint å stagge fascistar og folk som ville leggje til rette for dei. Diktet er ikkje eit innlegg for å legge ned det norske forsvaret, men ei åtvaring mot krigshissing frå høgre. Å skrive om historia rundt «Til ungdommen», slik Rem gjer, utan å nemne NS er eit i overkant grovt eksempel på diskrediteringa av den kommunistiske kampen mot fascismen.

Rem les diktet inn i ein diskusjon om alliansepolitikk der spørsmålet er om ein er tilhengar av nasjonal opprusting, eller kommunistisk nøytralitet. Men dette er jo å snu situasjonen på hovudet. I 1936 byrja borgarkrigen i Spania. I same nummer av tidsskriftet Veien frem som Grieg trykka «Til ungdommen», tok han til orde for praktisk solidaritet med den demokratisk valde spanske regjeringa, mot det fascistiske kuppet. Då var det ikkje Grieg som var nøytral, men høgrepolitikarar og norske skipsreiarar som ville segle på fascistkontrollerte hamner.

Grieg var dessutan alltid patriot, aldri antinasjonalist. I 1937 deltok han på forfattarkongressen i Spania, og trykte så ein rekke innlegg i Veien frem derifrå, der eit viktig poeng i brorparten av dei var å forsvare Nasjonen mot fascistanes freistnad på å rane til seg ideen. Grieg sin støtte til Stalin er heva over tvil, men rokka aldri ved haldninga hans til forsvar av Noreg. Då krigen braut ut i Noreg hadde Grieg allereie vore soldat sidan hausten året før.

Det var den historiske konteksten. Når det gjeld sambandet mellom «Øya i ishavet» og «Til ungdommen» og «Griegs militærpolitiske reorientering», er det to ting å seie: For det første kan Rem berre peike på ei tilsynelatande haldningsendring til pasifismen, som Rem vedgår at ikkje var Grieg si linje. Kva inneheldt reorienteringa då? Ingenting tyder på noko linjeskifte frå Grieg andsynes Sovjet. «Øya i havet» seier ingenting om alliansepolitikk, det handlar om nasjonal frigjering. Og Rem tar heller ikkje høgde for den siste strofa i diktet, der Grieg argumenterer for krigen: «Slik at en annen slekt / åpen og varm og fri / kan, mellom løv og korn, / slippe å bli som vi.»

Denne strategiske avvisinga av pasifismen for å kunne skape ei fredeleg verd, svarar fullstendig til det Grieg skreiv til pasifisten Aldous Huxley berre nokre månader før han skreiv «Til ungdommen» : «Vi vil det samme: å utvide lykkelige og skjønne øieblikk til noe varig, godhet og fred. […] under den katastrofen, hvor våre meninger vil gå fra hverandre [altså krigen, som Huxley og Grieg vurderte ulikt], ophører våre meninger å ha noe som helst verd. Da fins det ikke forfattere lenger, da er det bare soldater, pasifister, fanger, oprørere, alle under censuren; da er den frie tanke bare et fjernt minne.»

Kristoffer Jul-Larsen er førsteamanuensis i norsk litteratur, Høgskulen på Vestlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis