JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LitteraturKultur

Krig endra Grieg

Det er eit paradoks at me nyttar «Til ungdommen» som «nasjonal trøystesong» når Nordahl Grieg sjølv endra meining og gjekk til åtak på haldningane i diktet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan Mayen 1942: Nordahl Grieg (i midten) og medsoldatar med røyer fiska i Nordlagunen, ein ferskvasslagune sørvest på øya. Til høgre står Karl Hjelvik (1909–1975), garnisonssjef på Jan Mayen.

Jan Mayen 1942: Nordahl Grieg (i midten) og medsoldatar med røyer fiska i Nordlagunen, ein ferskvasslagune sørvest på øya. Til høgre står Karl Hjelvik (1909–1975), garnisonssjef på Jan Mayen.

Foto: Magasinet for Alle, nr. 40, 1963.

Jan Mayen 1942: Nordahl Grieg (i midten) og medsoldatar med røyer fiska i Nordlagunen, ein ferskvasslagune sørvest på øya. Til høgre står Karl Hjelvik (1909–1975), garnisonssjef på Jan Mayen.

Jan Mayen 1942: Nordahl Grieg (i midten) og medsoldatar med røyer fiska i Nordlagunen, ein ferskvasslagune sørvest på øya. Til høgre står Karl Hjelvik (1909–1975), garnisonssjef på Jan Mayen.

Foto: Magasinet for Alle, nr. 40, 1963.

11580
20230113
11580
20230113

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

havard@dagogtid.no

Når opplevde du sist at du sjølv eller ein annan skifta meining i eit sentralt samfunnsspørsmål? Og kva var då grunnen? Eit lesarinnlegg? Ordskifte kjem sjeldan med meiningsskifte. I debattar i etablerte, alternative og sosiale medium grev ein seg gjerne djupare ned i skyttargravene.

Krigsmetaforen høver her. Om noko kan få ein person, eit politisk parti, ja, eit heilt land til å endra meining, er det ikkje kronikkar, men krig. Stadig høyrer me: «Hadde nokon sagt at nøytrale Sverige i 2022 skulle søka medlemsskap i Nato...» Krig i grannelaget sytte for endringa. På både venstre- og ytre høgresida skifta mange meining, slik ho tvitra, småbarnsmora som elles ikkje skifta mellom anna enn SV og Raudt: «Eg skal aldri meir røysta på eit parti som vil melda Noreg ut av Nato.»

Men kva har dette med lyrikaren og journalisten Nordahl Grieg (1902–1943) å gjera? Krig endra Grieg òg.

Seremonielt sus

Hausten før krigsutbrotet i fjor var eg i Oslo rådhus då ei anna småbarnsmor heldt borgarleg konfirmasjon, ein skikk som berre er 70 år gamal og difor treng innslag som gjev ei kjensle av høgtid og tradisjon.

Sekulære salmar til konfirmasjon og gravferd skreiv humanetikaren Arnulf Øverland i diktsamlingane Ord i alvor til det norske folk (1940) og Ord i alvor. Ny forøket utgave (1959). Dikta selde godt i si tid, men få kjenner dei i dag. Tradisjonar kan ein ikkje vedta.

Nei, det var ein annan song som skapte seremonielt sus under det høge rådhustaket, «Til ungdommen» – med ein tekst frå 1936 av Nordahl Grieg, og med ein melodi frå 1952 av den danske komponisten Otto Mortensen (1907–1986): «Kringsatt av fiender, gå inn i din tid!» Det er ein song alle kan, dei unge òg. Ja, dei unge ikkje minst ­– etter terroråtaket mot AUF-leiren i 2011.

Stalinisten

Det tok tid før sosialdemokratane gjorde diktet til sitt. «Til ungdommen» vart skriven av ein stalinist. Då dei grufulle Stalin-prosessane fekk sosialistar flest til å ta avstand frå Sovjetunionen, heldt Grieg fram som Moskva-tru. Tidsskriftet hans Veien Frem – der han publiserte «Til ungdommen» i 1936 –?mista støttespelarar, men mottok pengestønad frå Sovjet. I 1939 støtta Grieg ikkje-åtakspakta mellom Hitler og Stalin. Då Stalin gjekk til åtak på Finland, støtta han framleis Sovjet.

Om diktet gjev inntrykk av at han var pasifist, er det feil. «Til ungdommen» er ingen fredssong. Liner som «granatenes glidende bånd (...) stans dem med ånd» har ei anna forklåring. Som Gudmund Skjeldal peikar på i Grieg-biografien Diktaren i bombeflyet (2012) var antimilitarismen på venstresida samansett. Somme var idealistiske pasifistar. Andre, som Grieg, var ikkje-pasifistar, men dei ville likevel avmilitarisera Noreg. Kvifor? Av di Noreg var eit kapitalistisk land – og dimed, slik Grieg såg det, eit fascistisk land. Då kunne styresmaktene nytta militæret i klassekamp, mot arbeidarklassa. Menstadslaget i 1931 var eit ferskt døme.

Men kommunistane sjølve hadde rett til å nytta våpen, ikkje berre i ein borgarkrig, som i Spania, men om dei sat med makta òg, som i Moskva.

Åtaket

Krig endra Grieg. Ikkje slik at han gjekk frå pasifisme til militarisme, men med den tyske invasjonen av Noreg i 1940 godtok han nasjonal krigføring slik han før hadde godteke kommunistisk krigføring.

Som medkommunisten Arnulf Øverland (1889–1968) gjekk han i tida kring invasjonen frå klassekamp til nasjonal kamp. Dei to antinasjonalistane og antimonarkistane vart no kongetru nasjonalistar.

Øverland var i 50-åra då krigen kom, Grieg var i 30-åra og vart soldat. Etter å ha slutta seg til Det norske kompani på Island vart Grieg utstasjonert på ei polarøy i Ishavet, Jan Mayen, det einaste norske territoriet som var fritt.

Mørk står en øy av hav,

ensom og kald og bar.

Dette er Norges land.

Dette er alt vi har.

Slik lyder opningsstrofa i «Øya i Ishavet» frå 1942. Men meir enn som ei skildring av Jan Mayen skriv han diktet som eit oppgjer med eit anna dikt, «Til ungdommen».

Tre døme

Døma er mange. Dikta har mykje sams.

1) Dei er skrivne i same takt (med ein mindre nyanse). At Grieg har valt same takt til båe dikta, er ikkje tilfeldig, for taktfiguren er sjeldan: tung-lett-lett tung-lett tung. 1936: «Her er ditt vern mot vold». 1942: «Her er vårt land: En øy».

2) Dei er skrivne i same strofeform, med fire liner i kvar strofe. Opphavleg hadde «Til ungdommen» åtte liner i kvar strofe, men etter at Grieg skreiv «Øya i Ishavet» med fire liner i kvar strofe, sette han opp «Til ungdommen» som fireversing òg. At dikta har same takt og strofeform, betyr at ein stort sett kan syngja dei til same melodi.

3) Grieg har medvite skrive liner i 1942-diktet som replikkar til liner i 1936-diktet. Eit døme er korleis han i båe dikta nyttar det ikkje så vanlege rimordet ånd. I 1936:

Stilt går granatenes

glidende bånd.

Stans deres drift mot død,

stans dem med ånd!

Ånd-strofa frå 1936 vert sabla ned av ånd-strofa frå 1942:

For vi har tapt vårt land,

tapt det fra hav til fonn.

Og skal vi vinne det,

skjer ikke det ved ånd.

Kursiveringa er den einaste i diktet, som om han peikar ut den opphavlege lina i «Til ungdommen» og seier: Eg tok feil. Ein kan ikkje stogga granatenes glidende bånd med ånd. Skal me vinna landet vårt attende, skjer ikke det ved ånd.

Kva skjer det ved då? I 1942 lyder svaret: Ved å drepe. Ei sein strofe i «Til ungdommen» vert motsagt av ei sein strofe i «Øya i Ishavet». På seks år har Grieg gått frå kan ikke myrde til drepe er alt vi skal. 1936: «Den som med høire arm/ bærer en byrde/ dyr og umistelig, / kan ikke myrde.» 1942: «Her er vårt land: En øy./ Blesten går strid og kald./ Drømmer kan ikke gro./ Drepe er alt vi skal. –»

Øverland og Monsen

Andre vart endra òg. Eit døme, ved sida av Arnulf Øverland, er Fredrik Monsen (1878–1954), ein generasjon eldre enn Grieg, men med ei liknande utvikling. Som ung under unionsoppløysinga i 1905 tok Monsen til orde for å nytta militærmakt andsynes Sverige. I 1920-åra vart han antimilitarist av di ein kunne misbruka forsvaret i klassekampen. Som Grieg var han Moskva-tru, og då Arbeidarpartiet vart splitta i 1923, valde Monsen Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Komintern. I 1928 var han attende i Ap, der motstandaren av eit militært forsvar vart forsvarsminister, som for å understreka at partiet var skeptisk til militærmakt.

Men alt på den tida Grieg skreiv «Til ungdommen», snudde Monsen og vart tilhengjar av norsk opprusting, som forsvarsminister att, men utan at han vart høyrd.

Etter invasjonen vart det omsider semje om standpunkta hans, Grieg og Øverland vart militaristar, men då var det for seint.

Skuleoppgåva

Som nemnt kom «Til ungdommen» seint inn i arbeidarrørsla, ikkje av di Grieg sjølv tok avstand frå diktet, det har ein vel knapt fått med seg, men av di det trass alt var skrive av ein stalinist. I «Historien om ‘Til ungdommen’» (Nytt norsk tidsskrift, nr. 1, 2012) fortel Marianne Egeland at «Til ungdommen» fyrst i 1980-åra vart nytta av arbeidarrørsla. «’Til ungdommen’ regnet man som kommunistenes sang», skriv ho, og «ble hyppig fremført i NKP-sammenheng».

Lenge før diktet vart nytta av AUF, vart det nytta av humanetikarane, alt i 1951, under ein fest som var forløparen til borgarleg konfirmasjon.

I ei norskoppgåve for vg3 på Nasjonal digital læringsarena (Ndla.no) heiter det: «Diktet ’Til ungdommen’ av Nordahl Grieg ble skrevet før andre verdenskrig. Etter terrorangrepet på Stortinget og Utøya 22. juli 2011 ble diktet Norges nasjonale trøstesang. Hva er det ved teksten som gjør at den er like aktuell i 2011 som i 1936?»

Oppgåva inneheld i alt 25 spørsmål og drøftingspunkt, til dømes om fascisme frå Mussolini til Breivik, men inneheld ikkje eit einaste punkt om Griegs nyorientering frå 1940 og kritikk av eige dikt. I oppgåveteksten vert ikkje «Øya i Ishavet» nemnt.

Reorientering

Det er naturleg at diktet vert nytta av dei unge. Det ligg i tittelen at teksten høyrer til dei. Men no har krig i Europa råka dei slik krigen råka Grieg. Då kjennest det feil at dei unge ikkje vert gjort kjende med at krig endra Grieg, og at dei nye røynslene fekk han til å skriva ramsalt kritikk av sitt eige dikt – i form av eit nytt dikt.

Dei stalinistiske «Til ungdommen»-utopiane til den unge Grieg dikta han i sørlandsk sumaridyll i 1936. «Øya i Ishavet» skreiv han som stridande ein kald krigssumar på Jan Mayen, medan tyske fly sirkla over øya. Meg gjev det vond smak i munnen å ta del i allsong av «Til ungdommen» i ei forsamling som ikkje eingong veit korleis krigen endra han.

Nordahl Griegs militærpolitiske reorientering på grunn av krig har med eitt vorte relevant for parti på venstresida som no freistar å reorientera seg tryggleikspolitisk på grunn av krig.

Nordahl Grieg

Til ungdommen

Kringsatt av fiender, gå

inn i din tid!

Under en blodig storm –

vi dig til strid!

Kanskje du spør i angst,

udekket, åpen:

hvad skal jeg kjempe med,

hvad er mitt våpen?

Her er ditt vern mot vold,

her er ditt sverd:

troen på livet vårt,

menneskets verd.

Stilt går granatenes

glidende bånd.

Stans deres drift mot død,

stans dem med ånd!

Krig er forakt for liv.

Fred er å skape.

Kast dine krefter inn:

døden skal tape!

Da synker våpnene

maktesløs ned!

Skaper vi menskeverd,

skaper vi fred.

Den som med høire arm

bærer en byrde,

dyr og umistelig,

kan ikke myrde.

Vi vil ta vare på

skjønnheten, varmen –

som om vi bar et barn

varsomt på armen!


1936.

Diktet vart prenta i Veien frem (nr. 6, 1936) og i diktsamlinga Håbet (Gyldendal, Oslo 1946). Her er åtte av fjorten strofer.

Nordahl Grieg

Øya i Ishavet

Mørk står en øy av hav,

ensom og kald og bar.

Dette er Norges land.

Dette er alt vi har.

Vinterens svarte storm,

sommerens skoddesus

stryker det øde land:

isflak og stein og grus.

Her er vår jord, vårt hjem.

Men våre sinn ble skapt

langsomt i bildet av

landet som vi har tapt.

Blomster og skog og gress

ga oss sin vekst og fred,

så vi må blø med alt

liv som blir trampet ned.

Dyp er vårt hjemlands muld.

Hemmelig er vi ett

med hver en sorg som gror.

Men det er ikke rett.

For vi har tapt vårt land,

tapt det fra hav til fonn.

Og skal vi vinne det,

skjer ikke det ved ånd.

Her er vårt land: En øy.

Blesten går strid og kald.

Drømmer kan ikke gro.

Drepe er alt vi skal. –

Slik at en annen slekt

åpen og varm og fri

kan, mellom løv og korn,

slippe å bli som vi.

Ishavet, juli 1942.

Diktet var prenta i samlinga Friheten (Reykjavik 1943, Oslo 1945).
Her er åtte av åtte strofer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim
Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim
Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis