Fugleinfluensa

Pandemifaren har auka

Fugleinfluensavirus hjå mjølkekyr og menneske i USA har skapt frykt for ein komande pandemi.
 

Ein kalv som er vaksinert mot fugleinfluensa, vert testa. 995 mjølkebruk i USA har fått påvist smitte sidan mars 2024.
Publisert Sist oppdatert

I mars 2024 vart det høgpatogene H5N1-fugleinfluensaviruset oppdaga hjå mjølkekyr i USA. Sidan har både kattar og personar på dei same gardane vorte smitta, og no fryktar forskarane at viruset skal mutere, slik at det byrjar spreie seg frå menneske til menneske, og at verda kan stå overfor ein komande pandemi.

Dette går fram av ein artikkel som nyleg vart publisert i det anerkjende britiske medisinske tidsskriftet The Lancet.

Bak artikkelen står ei gruppe virologar frå forskingsinstitusjonar i fleire land, organiserte under namnet Global Virus Network. Dei skriv at det no hastar med å innføre tiltak for å hindre meir omfattande utbrot av det alvorlege fugleinfluensaviruset. Dei kjem med 11 konkrete tilrådingar, som spenner frå betre overvaking og kontroll av både dyr og menneske for å spore virusmutasjonar og potensialet for auka smitte, til raskare vaksineutvikling og målretta vaksinering og offentlege informasjonskampanjar.

Det omfattande og framleis pågåande fugleinfluensautbrotet blant både fjørfe og mjølkekyr i USA har frå 2024 og fram til utgangen av april i år medført smitte i 995 mjølkebesetningar og 1650 fugleflokkar over heile landet. 

Utbrotet har i tillegg ført til smitte blant minst 70 personar frå Canada og 13 delstatar i USA, og det har leidd til det fyrste rapporterte dødsfallet som følgje av H5N1-viruset i USA.

– I uønskt retning

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement