Lovforslag

Krise for kriseloven

Ein professor stoppa kriseloven Stortinget hadde hatt til handsaming i månader. Kva som skjer med lovforslaget no, er det vanskeleg å få svar på.

Lovendringa Stortinget var i ferd med å vedta like etter påske, ville gjeve regjeringa fullmakt til å fråvike Stortingets lovar også når Stortinget var samla, ifølgje professor Benedikte Moltumyr Høgberg.
Publisert Sist oppdatert

Det er noko smått parodisk over det som skjedde i Stortinget like etter påske: Eit lovforslag politikarane skulle vedta for å vere godt førebudde og kunne handle raskt om det oppstår tryggingspolitisk krise eller krig, førte politikarane ut i ei lita krise og vart utsett i tid fordi det var for dårleg førebudd.

Stortingsfleirtalet som røysta for lovforslaget før påske, fekk kalde føter etter at innhaldet i loven vart utsett for krass offentleg kritikk av rettsvitskapsprofessor Benedikte Moltumyr Høgberg i påsken, og så vart andregongsvoteringa over lovforslaget utsett.

Men ingen av innvendingane til Høgberg var nye. Dei vart utbroderte i innlegg fyrst på Facebook og så i Nettavisen i påsken, men hadde også lege til grunn under Stortinget si handsaming av lovforslaget. Ja, innvendingane går til og med fram av innstillinga frå justiskomiteen, gjennom mindretalsframlegg frå Venstre og SV.

Såleis er det freistande å spørje korleis stortingsfleirtalet kan ha sloppe forslaget gjennom fyrste gongen. Men det vi skal gjere her, er i staden å sjå på kva som kan og bør skje med lovforslaget framover.

Rett til å bryte lov

For om prosessen er parodisk, er saka alvorleg nok. Lovforslaget som inneber endringar i sivilbeskyttelsesloven, handlar om kva for fullmakter regjeringa skal ha til å kunne beordre sivile til å stå i jobb eller til å gjere andre arbeidsoppgåver enn vanleg «når riket er i krig, krig truer, eller rikets selvstendighet eller sikkerhet er i fare». Det står også at formålet med loven er «å tilrettelegge for bruk av det sivile samfunnets samlede ressurser (…) ved uønskede hendelser i fredstid». I tillegg gjev lovforslaget regjeringa fullmakt til å gjere førebuande tiltak for den sivile arbeidskraftberedskapen i fredstid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement