Historikarane, Napoleon og Spinning Jenny
Dei store tekniske oppfinningane har stått i sentrum for å forklare historias gang.
Mekanisk leike frå kring år 1800-1810. Både Napoleon med sin hær og Spinning Jenny er med på moroa.
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Teknologi
Per Thorvaldsen skriv om teknologi annakvar veke i Dag og Tid. I utgåva 9. august startar han opp med å fortelje at han sit på ein benk i Marbella og les Helmer Dahls bok Teknikk, kultur og samfunn. Det ser ut til at Thorvaldsen og Dahl er så samde at det blir uklart kven av dei som meiner kva, men hovudpoenget i artikkelen blir at teknologiens rolle for historia ikkje har vorte påpeikt og framheva. Det er ein enkel grunn til dette: «[a]t historikarar ikkje er interesserte i eller forstår teknologi». Dei har skrive om Napoleon i staden.
Dette er ikkje riktig. Den økonomiske veksten dei siste 300 år, frå den industrielle revolusjonen og fram til i dag, har i dominerande grad vore forklart med teknologi som drivar av historias gang. Historia om Spinning Jenny som forklaring på startfasen av den industrielle revolusjonen i England, kom inn i lærebøker jamvel i grunnskulen. Eg har studert økonomisk historie i mange år, og bokhyllene mine er fylte opp av internasjonale lærebøker som alle har teknologi som forklaringsvariabel. Eit par av bøkene handlar berre om det.
Dei store tekniske oppfinningane har stått i sentrum for å forklare historias gang. Mest kjent er (den i og for seg omdiskuterte) bølgjeteorien til Kondratjev. Han forklarer utviklinga i fem fasar, alle med kvar sin dominerande teknologi:
1. Dampmaskinen og bomullsteknologien (1800)
2. Jernbanen og stålindustrien (1850)
3. Elektrisiteten og den kjemiske industrien (1900)
4. Bilen og den petrokjemiske industrien (1950)
5. Informasjonsteknologien (1990)
Kvar bølgje hadde sine kriser, men nye tekniske oppfinningar gav grunnlag for ny vekst på grunnmuren av det gamle.
Etter kvart vart det nødvendig også å finne andre forklaringar enn dei teknologiske på den økonomiske veksten. Sjølv om teknologien vart tilgjengeleg for alle, var det ikkje alle som tok han i bruk slik at det skapte velstand. Oppfinningar vart også gjorde utan å bli tekne i bruk. Det vart til dømes viktig å forklare sparing og tilgang på investeringsmiddel. Slik oppstod interesse for bank- og kredittsystemets rolle for å finansiere investeringane. Mykje av dette kretsa likevel rundt teknologi som drivar av utviklinga.
Så har vi sjølvsagt hatt heilt andre tradisjonar. Etter at industrien ikkje lenger var den store vekstnæringa, har det vore store behov for ny forståing av utviklinga. Det vi kan kalle arbeidskraftas kvalitet (utdanning, helse osv.), har fått større og større interesse spesielt i nyare innovasjonsforsking.
Kondratjev danna skule slik at andre har ført bølgjeteorien fram til i dag etter hans død. Ikkje uventa er den siste bølgja informasjonsteknologiens tidsalder. Medan alle dei fire første bølgjene gav langsiktig økonomisk vekst, er informasjonsteknologiens tidsalder så langt kjenneteikna av at folk flest har vorte fattigare i teknologiens heimland, USA. Tiår for tiår etter 1990 har også den globale veksttakta gått ned. Er teknologiens forklaring på økonomisk og kulturell vekst eit tilbakelagt stadium?
Thorvaldsen skal gje oss svar på dette. Spalta «Teknologi» skal gje svar på spørsmålet: «Korleis fungerer den nye teknologien som omgjev oss?»
Vi ventar i spenning, men er sikre på at svaret ikkje er å skrive meir om Napoleon.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.