Ein lenge pågåande strid om grunnrenta, sjå NOU 2019: 18 (Skattlegging av havbruksverksemd – leia av professor Ulltveit-Moe), tilspissar seg, jf. Dag og Tid 30. september både leiar og intervju. Skatten vart «skoten ned» føre stabelavløp, men som Tordenskiolds soldatar, dei kjem attende, i nye rundar, sjå no regjeringas 2023-budsjett.
Kva bilete er det som teiknar seg: Eg ser ein milliardindustri som ikkje vil ta hand om sitt eige avfall – sjå «polluter pay-prinsippet». Dei skal ha gode argument for å laste forureininga si over på kystfolk og fiskarar. Det har dei ikkje.
Empirien dreg i motsett retning. Sjå berre: «Dobler utbytte etter ny rekord». John Fredriksen får ein kvart milliard kroner i utbytte frå laksekjempen Marine Harvest (Mowi) i andre kvartal. «Det er vårt høyeste ordinære utbytte noen gang», seier finansdirektøren til DN 24. august 2017. «Superprofitten vil ingen ende ta»: Mowi hadde eit rekordresultat i andre kvartal i år (2022), selskapet tente svimlande 456 millionar euro før skatt. For heile 2021 var overskotet før skatt 6,4 milliardar kroner. Sjå Oslo Børs 18. februar 2022: «SalMar er optimistisk med tanke på framtiden, og styret innstiller på 20 kroner per aksje i utbytte for 2021. SalMar hadde en operasjonell EBIT på 890 millioner kroner i fjerde kvartal 2021, opp frå 748 millionar i forrige kvartal» NewsWeb (oslobors.no).
Advokatar vart kopla inn, og dei kjem attende. «Råd» frå juridisk hald om kva styresmaktene kan venta seg av eventuelle saksanlegg dersom staten skattlegg oppdrettarane med kostnadskrevjande byrder, har ofte vore «riset bak spegelen». Medan industrien lukkast med sin slakt av NOU 2019: 18, ser det ikkje ut til «å gå vegen» i dette høve.
Vonleg vil grunnrenteskatten få støtt fleire oppdrettarar til å sjå seg tente med investering i «lukka anlegg», slakteri, foredling til dømes røykeri, i staden for å la pengane gå som skatt til stat og kommune. Og det er det rikeleg mogelegheiter til – sjå høyringsnotat frå regjeringa:
«Ved anvendelse av normpris bør alle driftskostnader som knytter seg til sjøfasen, altså før fisken tas opp av merden, være fradragsberettiget. (...) Videre foreslås det at arbeidslønn og personalkostnader kommer til fradrag. Andre fradragsberettigede driftskostnader kan være utgifter til energi, vedlikehold av driftsmidler, forsikring og miljøtiltak som helt eller delvis er knyttet til grunnrentepliktige havbruk. I tillegg gis det fradrag for kostnader som påløper etter merdkanten og frem til punktet der normprisen (børsprisen) fastsettes (...). Dette kan blant annet være kostnader til frakt med brønnbåt, slakting og annen bearbeidelse av fisk, nedfrysning og transport» (Høyringsnotat – Grunnrenteskatt på havbruk s. 26–27).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.