Ho fekk viljen sin
Samfunnet har all grunn til gle seg over at regjeringa vil ha grunnrenteskatt på oppdrett, meiner Karen Helene Ulltveit-Moe.
Eit oppdrettsanlegg til havs i Frohavet på trøndelagskysten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Samtalen
Grunnrenteskatt på oppdrett
Karen Helene Ulltveit-Moe
professor i økonomi
Samtalen
Grunnrenteskatt på oppdrett
Karen Helene Ulltveit-Moe
professor i økonomi
peranders@dagogtid.no
Onsdag varsla regjeringa at ho vil innføre ein grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa, og effektiv skattesats skal bli på 40 prosent. Ein slik skatt vart tilrådd i NOU-en Skattlegging av havbruksvirksomhet frå 2019, men Solberg-regjeringa skrinla forslaget. Karen Helene Ulltveit-Moe, professor i økonomi ved Universitetet i Oslo, leidde utvalet som skreiv utgreiinga.
– Vart du overraska over at regjeringa no vil ha grunnrenteskatt?
– Middels overraska, vil eg seie. Det har verka som noko var i gjære ei stund. Men eg er først og fremst veldig glad. Dette er ein gledesdag for samfunnet, for eg meiner dette er ein viktig og legitim skatt. Oppdrettsnæringa får bruke av fellesskapens naturressursar, og med denne skatten gjev næringa noko av avkastinga si attende til fellesskapen. Oppdrettarane har betalt veldig lite for sin bruk av naturen.
– Eg trudde ideen om grunnrenteskatt var steindaud. Eg har aldri sett ein NOU skoten ned så grundig som den du var med på. I 2019 gjekk Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre ut mot grunnrenteskatt for oppdrett lenge før de var ferdige.
– Det var ganske intenst, ja. Og det var ikkje spesielt motiverande å sjå at arbeidet vårt vart skote ned medan vi sat og jobba. Men utvalet fekk lagt nokre premissar med det vi gjorde, og no er eg veldig glad for at regjeringa går inn for dette.
– Grunnrente er ekstraprofitt frå eksklusiv tilgang til ein avgrensa naturressurs. Det er lett å skjøne at det er grunnrente i oljeutvinning. Det er ikkje like openbert at det same gjeld oppdrett?
– Jau, det er ganske likt. Oppdrett krev at du kan setje ut merdar i sjøen. Du må ha løyve til å gjere det, og talet på løyve er avgrensa, elles blir det altfor mange merdar og store miljøproblem. Gjennom konsesjonsregimet har oppdrettarane hatt eksklusive rettar som kan samanliknast med oljeindustrien.
– Oppdrettarar ringjer og er på gråten fordi dei fryktar grunnrenteskatt, sa Robert Eriksson, direktør for Sjømatbedriftene, til NRK denne veka. Dei trur ein slik særskatt vil vere kroken på døra, sa han.
– Det er berre tull. Dette er ei næring med veldig høg lønsemd. Så går lønsemda veldig opp og ned, slik er det med råvarebaserte næringar. Men nett difor er forslaget frå regjeringa innretta som ein overskotsskatt som varierer med lønsemda. Dette blir ikkje kroken på døra.
–?Oppdrettarane kan vise til at dei betaler ei produksjonsavgift per kilo laks. Dei betaler òg for å få lov til å auke produksjonen, og somme av konsesjonane har dei betalt dyrt for?
–?I røynda betaler dei veldig lite for retten til å bruke naturen. Produksjonsavgifta er lita. Og om du ser på konsesjonane, har selskapa fått 97 prosent gratis eller nesten gratis. Først dei siste åra har konsesjonar blitt auksjonerte bort til marknadspris.
– Da kampanjen mot grunnrenteskatten var så effektiv, var det vel fordi nesten alle partia tykte at næringa hadde gode argument?
– Argumenta er ikkje så gode, men dei har hatt stort gjennomslag. Oppdrettsnæringa jobba veldig systematisk på lobbysida, og det gav avkasting. Dei har framstilt seg som ei distriktsnæring med små selskap. Men dei fire største aktørane står bak over 50 prosent av produksjonen, og nær 40 prosent av næringa er utanlandsk eigd.
– Mange Sp-ordførarar forsvarer interessene til oppdrettsselskapa. Ordførar i Salangen, Sigrun Prestbakmo, sa denne veka til NRK at grunnrenteskatt er «eit sugerøyr ned i lokale, regionale og familieeigde ressursar».
– Eg er heilt usamd. Det er fellesskapen som eig dei norske kystområda. Og slik den nye skatten er utforma, skal halvparten gå til lokalsamfunna og andre halvparten til den store fellesskapen. Det er verdt å hugse at vi er eitt land, og vi vil ha same offentlege tenester i heile landet. Da må vi òg betale skatt til staten.
–?Kampen om grunnrenteskatten har dels blitt framstilt som ein kamp mellom sentrum og periferi. Noko av motstanden handlar om frykt for at staten skal ta alt?
– Ja, men slik den nye skatten er innretta, er det ikkje slik at staten tek alt. Halvparten skal gå til kommunane der selskapa har verksemd.
– Politikarar i vasskraftkommunar er vel stort sett godt nøgde med grunnrenteskatten på kraftproduksjonen. Kan det vere at politikarar i oppdrettskommunar kjem til å kjenne på det same etter kvart?
– I alle fall liknar mekanismane i den grunnrenteskatten som regjeringa no vil innføre for oppdrettsnæringa, mykje på det systemet vi har i kraftkommunane.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er fellesskapen som eig dei norske kystområda.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.