G. Johannesen og dei innvigde
Kaj Skagen og Georg Johannesen. Faksimile Dag og Tid 11. november
Les også
Eit par kommentarar til Skagen
Les også
Faksimile av Dag og Tid 11. november.
Sluttord om Johannesen-myten
Les også
Ein overraskelse i tre akter
Les også
Læraren
Les også
Eit anna syn på G.J.
Les også
Polemikk utan glede
Les også
Georg Johannesen fotografert i 1999 med ein stabel Rhetorica Norvegica.
Foto: Erik Johansen / NTB
Nokre pauli ord om Georg Johannesen

Foto: Erik Johannesen / NTB
Profet utan bodskap
Les også
Georg Johannesen fotografert eit år etter at han var med på å skipa Sosialistisk Folkeparti.
Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB
Arven etter Georg Johannesen

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Georg Johannesen
Slik eg les innlegga mot essayet mitt om Georg Johannesen i Dag og Tid 4. november, hevdar dei på ulike vis at det ikkje lèt seg gjera å ta stilling til Johannesens skjønnlitterære produksjon eller politiske syn utan samstundes å dra inn verksemda hans som lærar ved Universitetet i Bergen og bidraga hans om retorikk. Ein skulle altså ikkje kunna vurdera dikta og dei politiske artiklane til Georg Johannesen utan inngåande kjennskap til retorikklæra og språkfilosofien hans.
Men Georg Johannesens forfattarskap vert då esoterisk, noko berre dei innvigde kan skjøna. Dette vert spegla i ideen om den litterære tenkjemåten hans som eit mislukka strev etter eit paradigmeskifte, slik Grepstad skriv, eller som Amund Børdahl seier i ei førelesing som ligg på YouTube: «Georgs bøker er [...] krevende å lese hvis man ikke er villig til å arbeide med dem. Det er derfor bøker man får forholdsvis lite ut av hvis man leser dem en eller to ganger, man bør egentlig studere dem.» Ein må med andre ord vera student eller tilsett ved eit universitet for å få utbyte av denne forfattarskapen. Eller endå snevrare: Ein må ideelt sett ein gong i tida ha vore Johannesens student. Det er jo påfallande at alle som i dag bryr seg med å debattera, eller forsvara han, har vore det. Nye, friske lesarar finst knapt.
Johannesens retoriske hovudverk Rhetorica Norvegica vart kalla «direkte leserfiendtlig» av den komiteen som gav han professorkompetanse i retorikk i 1995. Den same komiteen peika òg på noko anna heilt vesentleg, nemleg at for Georg Johannesen er «retorikk totalretorikk, dvs. den omfatter menneskets hele tilværelseshorisont». Vi snakkar då om eit komplett, eigenprodusert, idiosynkratisk verdsbilete. Komiteen seier vidare at han «med sin retoriske verdensanskuelse [bygger] et imponerende og konsekvent totalsyn», slik at retorikken blir «en gransking av alt menneskelig». Og så kjem ei tilføying som vel er ein eufemistisk uttrykt, nesten ironisk kritikk: «Det er nesten mer enn en kan forvente av en professor.»
Frå min synsstad er det mogleg å sjå retorikken til Georg Johannesen som ei vidareføring av den politiske tenkinga og verksemda hans i femti- og sekstiåra. Det akademiske prosjektet hans framstår då som revolusjonært. Retorikken forklarar og erstattar marxismen. Det er nesten som om Johannesen personleg vil erstatta heile universitetet. Hans «totalretorikk», som professorkomiteen skriv, er i røynda ein altomfattande ideologi.
Ei bok som Rhetorica Norvegica gjer opplagt Georg Johannsen til ein særprega og merkeleg ideologisk forfattar, men ikkje til ein stor retorikkteoretikar, og slett ikkje til ein av dei største norske lyrikarane i førre hundreåret. Brorparten av essayistikken hans handlar om norsk litteratur, som han har interessante og originale idear om. Men det gjer han ikkje til ein av dei største essayistane i norsk litteraturhistorie. Retorikken hans kan sjåast som ei vidareføring, for ikkje å seia ei oppdatering, av det kommunistiske standpunktet hans, men opphevar ikkje blindskapen hans når det gjeld det kommunistiske styresettet, og gjer han ikkje immun mot politisk kritikk.
Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ein må ideelt sett ein gong i tida ha vore Johannesens student.
Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.