JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Eit anna syn på G.J.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4344
20221125
4344
20221125

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Georg Johannesen

Tja, Kaj Skagen, dette held vel ikkje? Dei fire sidene om Georg Johannesen i Dag og Tid 4. november minner om at skiljet mellom eit middels essay og ein laust komponert artikkel er gråtynt. Å bruke kategoriar som poesi, politikk og heltedyrking til å forstå kva Georg Johannesen utretta over tid, er dårleg tenkt. Det blir ikkje betre av å blande desse kategoriane saman. Likevel har Skagen rett på eitt punkt.

Vil ein forstå politiske utviklingstrekk i kulturmiljø i andre halvdel av 1900-talet, er Georg Johannesen ein dårleg inngang. Skagen pressar nær sagt alt han kjem over, inn på den forenklande og forelda venstre–høgre-aksen. I dei 1950- og 60-åra som Skagen skriv mest om, var statsvitarar og sosiologar som Stein Rokkan i full gang med å vise at meir raffinerte konfliktmodellar måtte til for å forstå samfunnet. Dit ser ikkje Skagen og held seg til ei falma førestilling om at poetokratiet er viktig politisk.

Politisk sett er det mest interessante ved Johannesen at han formulerte visse typar kritikk lenge før 1968-myten heimsøkte landet og presumptivt intellektuelle skarpingar byrja sykle på vatnet. Etter Praha 1968 og Brussel 1972, om ikkje før, var den aristokratiske kommunisten Georg Johannesen politisk uinteressant og irrelevant.

I staden for analysar av samfunnsstrukturar hekta han seg fast i personar og blei like banalt personifiserande som dei journalistane han hadde så arrogant lite til overs for.

Diverre gjorde Johannesen seg sjølv til reviervakt, type brutal. Alfred Fidjestøl fortel i biografien om kor småminkande Johannesen tok imot dei som dreiv fram tobandsverket Norsk litteraturhistorie om sakprosa utover i 1990-åra. Dukka det opp større institusjonelle initiativ som kunne tene til å føre arbeidet hans vidare, saboterte han om han ikkje sjølv hadde vore involvert.

Det Skagen har rett i, er at nokre dyrka Georg Johannesen. Det bygde seg opp fram mot tusenårsskiftet. Det toppa seg på pinleg vis då stipendiat Jørgen Sejersted (33) skreiv ein kritisk melding av Johannesen-pamfletten Litteraturens norske nullpunkt. «Hvem er denne ungdommen til å sette seg på sin høye hest og tale nedlatende om Georg Johannesen?» spurde professor Arild Linneberg (48) og stipendiat Ingrid Nielsen (32) i Bergens Tidende 12. november 2000.

Det var ein heilt annan, open og nytenkjande Georg Johannesen eg møtte då eg gjekk frå politikk til kultur og studerte nordisk språk og litteratur frå 1978. Han tenkte i postulat, det er så, men han gjekk på tvers av etablerte faghegemoni. I gymnasåra på Bryne hadde eg fem–seks år tidlegare gått i jærvinden og undra meg over litteraturomgrepet. Kvifor blei ikkje sakprosa rekna som litteratur? Å kome til Bergen blei ei overveldande stadfesting av at det spørsmålet hadde noko for seg.

Der var dei, og dei var mange fleire enn Georg Johannesen, men krafta i det faglege engasjementet hans kom ingen utanom. Bjarne Fidjestøl skreiv og snakka om norrøn litteratur på tvers av alle sjangerskilje. Bjarte Birkeland og Idar Stegane viste tyngda i nynorsk skriftkultur utan å bruke det omgrepet. Audun Tvinnereim døydde før eg fekk høyrt dei litteratursosiologiske døropningane hans, som heldigvis var trykte. Einar Økland heldt gjesteførelesing om norske skjemteblad. Og Georg Johannesen inviterte til seminar om essayet. Der var nye referansar og kategoriar i kvart eit trappesteg på Sydneshaugen. Sjølv etablerte eg i desse åra dei tenkje- og skrivemåtane om tale og skrift som har prega det meste av det eg har gjort etterpå.

Dette var inga tid for hylling, og alt vi las, vi som gjekk opp og ned trappene, bygde mentale murar mot all gamal tenking om heltar og læresveinar og epigonar og poetokratar. Her meiner eg at Skagen er for oppteken av poeten Johannesen og overser den sakprosakritikaren Johannesen som gjekk vidare inn i retorikken. I biografien blir også Fidjestøl her diverre verande på overflata.

No er den allmenne forståinga av retorikk på ny redusert til utvendig form utan innhald, og dei fleste som melder sakprosa, reduserer bøkene til innhald. På desse og andre felt representerte Georg Johannesens litterære tenkjemåte eit mogleg paradigmeskifte. Årsakene til at det skiftet forvitra, krev studiar større enn ein biografi og ein avisdebatt.

Ottar Grepstad er forfattar, språk- og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis