Folk har ulik humor
Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Både Hallgrim Berg og Jan Inge Sørbø har skrive interessant om humor i Dag og Tid dei siste vekene, men dei verkar litt for glade i humor som dei sjølv likar.
Eg er usamd med Sigrid Bonde Tusvik i mykje. Eg er ueinig med ho politisk og den kvinnelege utgåva av garderobesnakk er meg noko framand. Men når vi menn liker eller toler at menn snakkar skit, så må kvinner få gjera det same.
Eg var altså prega av fordommar då eg nyleg vitja Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne si jubileumsframsyning i Oslo. Framsyninga har fått hard kritikk i mellom anna Aftenposten og på sosiale medium. Noko av kritikken er så hard og unyansert at eg vert irritert. For det er ikkje berre humor ein liker, som er god.
Vi som er kritiske til Tusvik og Tønne, bør hugse på at dei er svært populære og har mange lyttarar og tilhengarar. Då lyt vi freiste å forstå kvifor. Og ein lyt tolka i beste meining. Mona Hoff skreiv i Aftenposten 1. desember at Tønne og Tusvik «sparker nedover», og at dei får «trampeklapp når de fra scenen hetser og mobber».
Eg kan forstå at Hoff er kritisk, men ho overdriv sterkt. Det er mogleg å tolka humoren på eit anna vis. Tvert om hadde Tusvik nokre interessante refleksjonar om korleis ho lasta seg sjølv då ho sleit i sambuarskapet. Det var ei forløysing å finna ut at sambuaren hadde funne ei anna. Å le av det hjelpte. Ein kan hevda at det ho sa, tilhøyrer privatlivet og rammar andre partar. Kor dei etiske grensene går er ikkje lett å svare på. Men mykje av det dei sa om utruskap og privatlivet, var heilt harmlaust.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.