JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Feil av Lund

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3280
20230210
3280
20230210

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Kraft

Førre veke kom Kjetil Lund, sjefen for NVE, med kritikk av meg fordi eg hadde skrive at han i ein kronikk i Aftenposten ikkje tok med at det i stor grad var regnet hausten 2022 som berga oss frå ein dårleg forsyningssituasjon i 2023. Lund gav æra til magasineigarane, som held att produksjonen. Dette skreiv Lund sjølv om statistikken syner at nettoeksporten ut av Sør-Noreg til kontinentet og England var på 10,7 TWh i 2022.

Svaret frå Lund er underleg og til dels manipulerande. Han skriv mellom anna: «Det hjelper ikkje på fyllingsgraden i kraftmagasina om det regner i gata der du bur. Det må regna i det vi kallar tilsigsområda til magasina, skal fyllingsgraden auke.»

Dette er dårleg ordskifteteknikk. Eg såg sjølvsagt på nedbøren i tilsigsområda og ikkje i gatene til korkje Lund eller meg. Vidare undrar han seg over kvifor eg seier at vi hadde flaks som unngår ein risiko for rasjonering til våren. Han vil vita kvifor. Svaret mitt er banalt: Om alt ekstraregnet som kom mellom veke 39 og 52, ikkje hadde kome, hadde vi mangla det vatnet og ikkje kunna ha nytta det om vinteren vart kald i Nord-Europa.

Kva skreiv Lund elles i kronikken eg kritiserte? «I fjor vår var det lite vann i kraftmagasinene i det sørlige Norge. Hadde vi vært sikre på at verden rundt oss ville fungere til vinteren, hadde det ikke vært et problem. Da kunne vi bare importert kraft ved behov. Men det var vi ikke sikre på våren 2022.»

Altså var Lund sjølv ikkje sikker på om vi hadde nok vatn til vårknipa 2023. Statnett skreiv i sumar: «Statnett følger situasjonen tett og varsler at forsyningssituasjonen kan bli anstrengt i enkelte situasjoner opp mot og gjennom vinteren 2023.»

Lund nyttar i tilsvaret mykje plass på å snakka om tilsig i andre periodar enn eg snakka om. Eg tok utgangspunkt i det han snakka om i kronikken, hausten 2022, og eg såg på vekene 39–52, som hadde unormalt mykje nedbør. Kvifor valde eg perioden med mykje nedbør? Av di det var då vatnet kom. Hadde ikkje vatnet kome, vil vi hatt mindre vatn, og vi hadde kanskje hamna i ein prekær situasjon.

Lund skriv: «Han (altså underskrivne, red. merk.) tek berre med perioden det regna mykje.» Men Lund sjølv underdriv kor mykje det regna i den perioden han sjølv vel å sjå på for å finna gjennomsnittstal, veke 31–45 i perioden 2015–2021. Samanliknar vi Lunds periode med dei same vekene i 2022, var tilsiget berre 416 GWh over gjennomsnittet i 2022.

Samanliknar vi derimot med perioden 2002–2021, var tilsiget i 2022 4047 GWh over gjennomsnittet i veke 31–45, altså nesten ti gonger så høgt som i den korte perioden Lund nyttar. Dette gjev eit anna bilete enn Lund prøver å skapa. Vi bør sjølvsagt nytta lange tidsseriar når vi skal seia noko om avviket frå normalen.

Igjen: Vatnet vi fekk i 2022, i veke 39 til 52, eller hausten, om ein vil, er den viktigaste årsaka til at magasinfyllinga då vart god. At førjolsvinteren vart mild, var òg flaks.

Ikkje med eitt ord nemnde Lund tilsiget i kronikken i Aftenposten. Han snakka berre om lægre produksjon. Han gav ikkje, som eg skreiv, «heile biletet». Kvifor han utelét tilsiget, kan ein berre lura på. Tala eg kom med, var rette, sjølv om Lund nyttar mange ord på å gje inntrykk av dei ikkje var det.

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis