Økonomi

Norsk rikdom på amerikanske hender

53 prosent av oljefondet er investert i USA. Kva gjer vi om oljerikdommen blir eit politisk mål for Trump?

Jonas Gahr Støre på vitjing hos Donald Trump i Det kvite huset i april, saman med finansminister Jens Stoltenberg. Store delar av oljefondet er investert i USA.
Publisert Sist oppdatert

Eigentleg skal bulldosarar fjerne hindringar, men i haust har dei òg skapt nokre. Den 25. august melde Noregs Bank at Statens pensjonsfond utland, kalla oljefondet, trekker seg ut av seks selskap, deriblant amerikanske Caterpillar, verdas største produsent bulldosarar. Avgjerda kom etter at Caterpillar i ei årrekke har levert pansra bulldosarar til israelske styresmakter, som har nytta dei til å øydelegge palestinsk eigedom. «Caterpillars produkter brukes til å begå omfattende og systematiske brudd på humanitærretten», skreiv etikkrådet, som peikte på at det amerikanske selskapet ikkje freista forhindre bruken.

Avgjerda fall ikkje i god jord blant leiande politikarar i Washington D.C. Den republikanske senatoren Lindsey Graham kalla ho «meir enn støytande». Nokre dagar seinare var han med på å sende eit brev til den amerikanske handelsministeren, der avgjerda blei omtalt som «økonomisk krigføring frå ei framand makt mot den amerikanske økonomien». Då hadde det amerikanske utanriksdepartementet alt tatt opp saka direkte med norske styresmakter, alt mens regjeringa freista forhandle til seg lågare tollsatsar.

Ei finansiell stormakt

Oljefondet er ei økonomisk suksesshistorie, men òg eit veksande politisk problem. Sidan 1996, då staten sette inn dei første milliardane i fondet, har det vakse seg til å bli verdas største statlege investeringsfond. Gjennom oljefondet eig Noreg kring 1,5 prosent av alle børsnoterte aksjar i verda.

Det gjer avgjerdene i oljefondet økonomisk interessante også for andre land. Nettopp derfor har den norske regjeringa avgjort at oljefondet ikkje skal vere bunde opp mot norsk utanrikspolitikk, men fungere politisk uavhengig.

Dette har norske styresmakter klart å formidle lenge. Men no er finansverda i ferd med å bli meir politisert. Den økonomiske ordninga som har prega verda sidan Berlinmuren fall i 1989, kan stå for fall. Eit første forvarsel fekk vi den 24. februar 2022 då Russland invaderte Ukraina. Fire dagar etter varsla oljefondet at dei ville trekke seg ut av landet. Og dei siste tre åra har verda blitt stadig meir økonomisk delt, med eit sanksjonert Russland som handlar med Kina på den eine sida, og eit Vesten som fryktar austleg hegemoni på den andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement