Samfunn
Ein helt for mange
For mange unge kristne i Noreg var Charlie Kirk ein frimodig og inspirerande figur.
Charlie Kirk under ein tale på eit valkamparrangement for Donald Trump i Florida 26. juli 2024. Kirk var ein heilhjarta tilhengar av Trump og hevda at valet i 2020 vart «stole» av demokratane.
Foto: Alex Brandon / AP / NTB
Etter drapet på aktivisten Charlie Kirk 10. september har mange blitt klare over at oppslutnaden hans har vore stor også i kristne miljø i Noreg. Ein av dei som har sett Kirk høgt, er Joel Ystebø, som nyleg vart innvald på Stortinget for KrF i Hordaland.
«Han har inspirert meg på mange måter», sa han til Dagen denne veka. Kirk har «ikke bare (...) gitt gode perspektiver og refleksjoner om verdispørsmål og politikk, men han har også inspirert i måten han har møtt sine motdebattanter», sa Ystebø. Dag og Tid bad han om å utdjupe synet sitt på Charlie Kirk.
– Eg har som så mange andre unge følgt han via sosiale medium. Han var ein imponerande mann med stor overtydingsevne. Eg trur ikkje det berre handla om personlegdom, men òg om verdigrunnlaget hans, som mange andre kristne kan kjenne seg att i, seier Ystebø.
– På kva måtar har du sjølv late deg inspirere av Kirk?
– Han var ei frimodig stemme i verdidebatten, og han hadde evna til å møte og diskutere med folk han var dundrande usamd med. Det er noko både Noreg og verda treng meir av. Eg vart òg inspirert av dei grunnleggande verdistandpunkta hans om rolla til trua i samfunnet, ytringsfridom og vern om det ufødde livet. Så hadde han nokre andre synspunkt eg ikkje delte.
– Kva var du mest usamd i?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.