JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Feil om kraft frå Hustad

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Straummaster i desemberlys.

Straummaster i desemberlys.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Straummaster i desemberlys.

Straummaster i desemberlys.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

3295
20230203
3295
20230203

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Energi

I Dag og Tid 27. januar hevdar Jon Hustad at eg ikkje gjev rett forklaring på den sterke auken i fyllingsgraden i kraftmagasina i det sørlige Noreg i fjor haust. Eg har i ein kronikk vist til at den viktigaste forklaringa var den låge produksjonen av regulerbar vasskraft. Hustad hevdar at det ikkje stemmer, og at vi vart redda av mykje regn. Vi hadde flaks som unngår rasjonering til våren, skriv Hustad.

La oss få omgrepa på plass først. Det hjelper ikkje på fyllingsgraden i kraftmagasina om det regner i gata der du bur. Det må regna i det vi kallar tilsigsområda til magasina, skal fyllingsgraden auke. Endring i fyllingsgrad i ein gitt periode er lik tilsiget til magasina minus vasskraftproduksjonen. La oss så sjå på tala frå i fjor haust:

Vi har tal for nyttbart tilsig for prisområda tilbake til 2015. Gjennomsnittleg tilsig til dei tre prisområda i det sørlege Noreg i perioden frå august til midten av november (då «tappesesongen» ofte startar) for åra 2015­–2021 er 30,7 TWh. I fjor var tilsiget i denne perioden 31,6 TWh, altså knappe 1 TWh meir enn snittet dei siste åra. Produksjonen i denne perioden var 17,7 TWh i fjor. Det er heile 8,2 TWh lågare enn gjennomsnittet dei siste åra. Auken i fyllingsgrad (tilsig minus produksjon) vart dermed 13,9 TWh (24 prosentpoeng) hausten 2022, noko som er rekord. Gjennomsnittet for dei siste åra er 4,7 TWh (8 prosentpoeng).

Som det framgår av tala, er den låge produksjonen den klart viktigaste forklaringa på den sterke auken i fyllingsgraden. Produksjonen frå dei magasina som er mest relevante for forsyningstryggleiken vår, var svært låg gjennom hausten. Justert for kraft til mellom anna minstevassføring og systemtenester var samla produksjon frå desse magasina enkelte veker heilt nede i 10 GWh.

Utvidar vi perioden til ut året (veke 52), blir biletet enda klårare: Tilsiget i den utvida perioden var i fjor rundt 3 TWh lågare enn snittet for dei siste åra. Magasinfyllinga auka likevel med nesten 5 TWh (9 prosentpoeng). Gjennomsnittet for dei siste sju åra er ein nedgang på 1,5 TWh (3 prosentpoeng).

Korleis kjem Hustad fram til sine tal? Ved at han kutter ut halve hausten. Han tek berre med perioden det regna mykje.

Kor Hustad tek påstanden sin frå om at vi var i stor fare for rasjonering, er ikkje godt å seie. Han er i alle fall ikkje i samsvar med NVE sine analysar. I NVE gjennomførte vi gjennom heile fjoråret eit breitt sett med analysar over korleis kraftsituasjonen kunne utvikle seg denne vinteren. For at vi skulle kome i en situasjon med rasjonering, måtte mykje gått galt, som at vinteren vart svært kald og nedbøren svært liten, og at tilgangen til import vart redusert. I en slik situasjon kunne det oppstå behov for noko rasjonering i det vi kallar vårknipa, før snøen smeltar.

Hustad sin tekst er lang og inneheld påstandar om mangt og mykje. Eg har her berre kommentert på feila i den delen som handlar om NVE sine tal. Heilt til slutt skriv Hustad likevel noko som er både sant og viktig: «Det gjer noko med samfunnet vårt når dei som styrer oss og skal fortelje oss om noko er godt eller ikkje, ikkje presenterer det fulle biletet.» Det er ord vi alle bør ta til oss. Også dei som arbeider i journalistikken.

Kjetil Lund er vassdrags- og energidirektør i NVE.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Markeringa av den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2024 på Youngstorget i Oslo. Abida Raja heldt appell mot æreskriminalitet og kvinneundertrykking.

Foto: Javad Parsa

Samfunn

Den seigliva æresvalden

Debatten om æreskriminalitet er gamal. Framleis manglar dei heilskaplege løysingane, seier forfattaren Terje Bjøranger.

PernilleGrøndal

Ei palestinsk kvinne passerer ruinane av bustadblokker i Hamad i Khan Younis sør på Gaza 13. mars 2024.

Foto: Ahmed Zakot / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Morten A. Strøksnes

Alt dette var ikkje nødvendig

Krigen i Gaza er ikkje eit brot, men snarare ei logisk fullbyrding av politikken som er ført dei siste femti åra i Israel.

Ferdigmathylla på butikken er ofte ganske stor. Men er det dei små som handterer ho best?

Foto: Terje Pedersen / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Ferdigmiddag

Det kan sjå ut som smådriftsfordelar bør få dominere norsk ferdigmatproduksjon. 

Presidentkandidat Donald Trump gjer honnør når dei spelar av opptaket der dømde etter 6. januar-åtaket på Kongressen syng nasjonalsongen i kor.

Foto: Jeff Dean / AP / NTB

KommentarSamfunn
Torbjørn L. Knutsen

Val på kanten av stupet?

– Om eg ikkje vinn presidentvalet i haust, betyr det slutten på det amerikanske demokratiet, sa Trump på eit valmøte i Ohio sist helg.

Å seie opp EØS-avtala ville vere ei stor ulukke for norske verksemder, skriv Jan Erik Grindheim, professor og statsvitar i tankesmia Civita.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Ordskifte

Bør nasjonalegoisme styre vårt forhold til EU?

Å seie opp EØS-avtala er ikkje nokon veg å gå for å styrke det norske folkestyret, slik leiar i Nei til EU Einar Frogner seier.

Jan Erik Grindheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis