Kommentar
Framstega til Frp
Framstegspartiet fekk 421.429 fleire veljarar ved valet i år enn for fire år sidan. Kvar kom dei nye veljarane frå?
Simen Velle, Hans Andreas Limi og Tor Mikkel Wara følgjer med på resultata som kjem inn, på valvaka til Framstegspartiet på Hotel Bristol i Oslo ved stortingsvalet 2025.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Overgangen frå Høgre var stor, men forklarar langt frå alt. Skuffa veljarar frå Senterpartiet gjekk same veg. Men det er framleis nesten 250.000 nye Frp-veljarar å gjere greie for. Alt tyder på at Framstegspartiet har forsynt seg grådig av nye veljarar – dei som ikkje røysta i 2021, og fyrstegongsveljarane.
Kva har ført skuffa Høgre-veljarar og unge fyrstegongsveljarar til Framstegspartiet?
Høgre har vore partiet til dei nøgde. Dei som har greidd seg bra, med høg inntekt og formue. Dei som er trygge. Framstegspartiet har vore partiet til dei misnøgde, som er eit meir blanda elektorat: Dei som har lite og kjenner seg utrygge, og dei som har ein god del, men gjerne vil ha meir. Dei som ikkje føler at «systemet» er på deira side, dei som har låg tillit til politikarar, og dei som har ei kjensle av at dei blir haldne tilbake.
Frp har lova både tryggleik og fridom og i liten grad vore brydd med ansvaret for å innfri motstridande lovnader. Forbausande få hugsar at partiet faktisk sat i regjering i sju år. Siv Jensen hadde arbeidd systematisk for å gjere partiet regjeringsdugande, men resultatet vart noko blanda då dei kom i posisjon.
No er rada med kortvarige justisministrar frå Frp gløymd. Misnøgde Høgre-veljarar sluttar opp om partiet som har ein av dei som leiar. Dei må anten hugse dårleg eller vere særs misnøgde. Eller helst begge delar. Høgre lova stabilitet og framgang med Erna Solberg attende som statsminister, men det nytta lite å lokke med kompetent statsadministrasjon når veljarane ynskte forandring og kursendring. Og kompetansen til Solberg kunne ein no òg dra i tvil.
Kva så med dei unge som går til Frp? Alt tyder på ei sterk polarisering mellom kjønna. Unge menn går til Frp, unge kvinner til venstresida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.