I Dag og Tid nr. 26 spør Ingeborg Solbrekken og Christopher S. Harper om kva utsegna mi om «at okkupasjonsmakten ’hadde rana til seg midlar frå Noregs Bank’» byggjer på. Kjeldene eg byggjer på, er særleg den første av dei fem direksjonsdagbøkene i Noregs Banks krigsarkiv, som Landssvik og profitt altså har ein einskild referanse til.
Det er riktig at den norske bankleiinga samarbeidde godt med direktør Rudolf Sattler, som rett nok hadde ei relativt underordna stilling i okkupasjonsregimet. Sattler vidareformidla fleire av bankleiingas protestar på den tyske pengebruken til høgare tyske myndigheiter, men sjølv om han til dømes etter eit møte i Berlin i august 1940 meinte «å ha funnet en viss forståelse for» at Noreg hadde ei avgrensa økonomisk bereevne, «viser det seg at nye krav stilles av de tyske militære autoriteter – et krav som betegnes som en krigsnødvendighet og som derfor må etterkommes».
Trass dette heldt bankleiinga fram med å protestere. Som det heiter i ein strengt konfidensiell rapport frå eit utval utgått frå bankens representantskap datert 15. august 1941 og lagd ved direksjonsdagboka, «er det fra direksjonens side gang på gang gjort henvendelser om [tyskernes] uforholdsmessige pengeforbruk», som utvalet fant at «må sies ikke å stå i noe rimelig forhold til landets økonomiske evne».
Rapporten og direksjonsdagboka dokumenterer eit tosifra antal slike berre det første krigsåret. Eg har tidlegare omtalt Nicolai Ryggs brev til visepresident Emil Puhl den 8. april 1941; allereie eit halvt år i førevegen hadde bankleiinga åtvara om at «Muligheten av et sammenbrudd [for den norske valutaen] kan ikke lenger avvises», og at det måtte «finne sted en inngripende forandring i okkupasjonsmaktens penge- og varekrav, hvis der ennå skal være håp om å redde landet fra en katastrofe».
Dette er ikkje isolerte hendingar, men eksempel på korleis banken stadig opptredde. «Det må også være klart at Norges Bank befinner seg i en tvangssituasjon. Det er krav som stilles og krav som forlanges oppfylt, uansett hva bankens ledelse måtte mene om det», heitte det i utvalsrapporten, som også slo fast «at det under de foreliggende omstendigheter ikke er mulig å avvise de tyske krav.»
At Solbrekken og Harper likevel skuldar bankleiinga for «grovt landssvik» og hevdar at «banken aktivt gikk inn for å effektuere okkupasjonsmakten og Quisling-regimets økonomiske politikk», står difor i så skarp kontrast til kjeldene at ein trass – eller kanskje mest på grunn av – den einskilde fotnoten må spørje seg om kor grundig dei eigentleg har lese dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.